Bakgrunnsartikkel

Teaterhausten 2024!

Haustkulda verkar framleis milevis unna. Men mørkeret kjem, og med han kjem også Erik Ulfsby sin aller siste sesong som teatersjef. Han byr mellom anna på litterære godbitar som blir tatt til teaterscenen, ei forrykande Hedda, julestemning og jazz. Gled deg til hausten med oss!

Vi opnar teaterhausten med ei splitter ny framsyning for dei minste! Campingkompaniet har blitt kjende land og strand rundt for sine friske og leikne eventyrframsyningar fortald med enkle teatereffektar dei får plass til i minibussen sin. (Men det er faktisk ikkje lite!)

Denne gongen tek dei både bussen, Oskeladden og prinsessa med seg til Scene 3.

Linn Ullmanns sjølvbiografiske roman Jente, 1983 gjekk rett til topps på bestseljarlista da han kom ut i 2021. Det handlar om ei oppleving frå da ho var 16 år, trassa mor si og følgde draumen og eventyrlysta for å dra aleine til Paris på ei skjebnesvanger fotografering. Måten ho fanga det som hende på, blåste både kritikarar og lesarar av banen.

Terningkast seks

«Dette værk sætter nye standarder for det litterære selvportræt»

Når boka for første gong blir tatt til scenen, er det den den belgiske regissøren Luk Perceval som står for regien. Han har tidlegare hatt stor suksess med iscenesetjingane sine av dei litterære storverka Trilogien og Fuglane på Det Norske Teatret. På scenen står Gjertrud Jynge og Gina Bernhoft Gørvell.

- Å få spele ein av Ibsens meir mytiske kvinnekarakterar er ei ære.

Jae Nyamburah. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Det er Jae Nyamburah som skal få gi liv til ei av teaterhistorias mest ikoniske roller. Komande teatersjef Kjersti Horn står for regien av Hedda Gabler og ho har med seg makkerane frå tidlegare produksjonar. Scenograf Sven Haraldsson har valt å bygge eit verkeleg hus til Hedda og Jørgen (Emil Johnsen) midt på Hovudscenen, og frå innsida vil videoregissør Mads Sjøgård Pettersen filme det heile. Tettare på Hedda har du aldri vore.

Maja Lunde og Lisa Aisatos julekalenderromansuksess Snøsøstera blei ein suksess også på teateret da den hadde premiere i 2022.

Terningkast seks

«Den magiske fortellingen fyller scenerommet og kryper inn i store og små hjerter»

Kvit jul eller ikkje - i år kjem den julevarme framsyninga tilbake på Hovudscenen til glede for små og store! Med nydeleg musikk av Henrik Skram (som komponerte musikken til Snøfall) og Odd Nordstoga (som komponerte musikken til Jul i Svingen) og scenografi inspirert av Aisatos vakre akvarellar, er dette blitt ei magisk juleframsyning vi gler oss til å vise fram igjen.

Med Jazz på nynorsk vil dei ta publikum med på ei musikalsk reise gjennom landets mange ulike folketonar i ei litt improvisert og jazza utgåve.
På nynorsk, så klart!

Jeg foreslår av vi våkner.

Foto: Daniella Backlund, Svenska Dagbladet/NTB.

Dette var tittelen på det som skulle bli forfattar Beate Grimsrud sin siste roman da han kom ut i 2020. Seksarane hagla og Grimsrud blei tildelt Brageprisen for boka same året.
No blir historia for første gong til teater, og det er skodespelar og regissør Charlotte Frogner som står for regien.
Det handlar om fornekting og det å leve med alvorleg sjukdom. Men forteljinga er også ei hylling av kjærleiken, menneska og alle dei små hendingane som er sjølve livet.

Kva er meininga med livet? Kva er fridom? Kva er ei god handling? Kva er verdien av kunst?

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Når regissør Erik Ulfsby rundar av som teatersjef er det dei store spørsmåla som skal under lupa:
Religion, krig, verdien av kunst og sjølve meininga med livet.
På scenen står Peiman Azizpour, Amell Basic og Geir Kvarme, og det visuelle uttrykket er skapt av bildekunstnaren Lars Ramberg.

Er middelklassa blitt for politiske korrekt og ute av stand til å sjå eigne brester?

Det undersøkjer den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg i trilogien som er blitt kalla Lockdowntrilogien. Peer Perez Øian har tidlegare regissert stykket Eks i trilogien, og no står Ellen Babić for tur. Det er nok ein gong snakk om eit kammerspel der publikum blir vitne til at fasaden sprekk og fortida står fram i eit nytt og grelt lys.

Har læraren Astrid lagt an på eleven Ellen Babić? Og korleis var det eigentleg da ho blei i lag med sin noverande kjæraste og tidlegare elev, Klara?

Er vi blinde for makta vi kan ha over andre menneske berre i kraft av klasse, yrke eller posisjon?

Vi gler oss til å sjå deg i teatersalen!