Ei reise gjennom landets mange ulike folketonar i ei improvisert og jazza utgåve.

Jazz på svenska. Tre små ord som fyller hovudet med Jan Johanssons mollstemte pianotonar og Georg Riedels elegante bass. For meir enn 60 år sidan gjekk dei svenske musikarane i studio og spelte inn folketonar slik ingen hadde høyrt dei tidlegare. Det skulle endre svensk jazz og populærmusikk for godt, og Johansson og Riedel opplevde ein suksess dei knapt kunne førestille seg.

Jazz på nynorsk. Utgangspunktet er likt. Kan ein ta dei mange norske folketonane og gjere noko nytt med dei? Seks skodespelarar har saman med tre musikarar tatt utfordringa under regissør Eirik Stubø si leiing. Sjølv er han vakse opp i ein av Nord-Noregs mest kjende jazzfamiliar. Faren Thorgeir Stubø var ein anerkjend jazzgitarist, også internasjonalt, søstera Kjersti er jazzvokalist og med seg til Scene 3 har han broren Håvard Stubø som i likskap med faren er ein solid gitarist.

Norske songskattar

Skodespelarane med bakgrunn frå ulike landsdelar har grave i lokale og regionale songskattar. Sarakka Gaup frå lengst nord, Gjertrud Jynge frå Troms og Midt-Noreg, Morten Svartveit og Ingrid Jørgensen Dragland frå Vestlandet og Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Lasse Kolsrud frå Austlandet. I tillegg til Håvard Stubø, er Erik Nylander med på trommer og David Wallumrød sit ved pianoet. Med Jazz på nynorsk startar ei reise gjennom landets mange ulike folketonar i ei litt improvisert og jazza utgåve.

Kjøp billett

Vel speledato for Jazz på nynorsk

Finn ut meir