Terningkast fem

«Eventyrlig campingtur i Groruddalen»

Alt løyser seg til slutt for Oskeladden, som alltid er godhjarta og hjelper dei som treng hjelp.

Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor formidlar Campingkompaniet dette eventyret om Oskeladden – som kanskje ikkje er mellom dei mest kjente. Denne gongen må Oskeladden (denne gongen kalla Ester Oskeladd) ut i verda for å redde brørne sine. Dei er blitt gjort til stein av den store risen i berget, han som manglar hjarte. Oskeladden møter mange hinder på vegen – men Oskeladdens gode hjarte blir redninga hennar.

Folkeeventyr i ny drakt

Campingkompaniet er eit omreisande musikk- og teaterkompani som består av skodespelarane Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos - og ein veldig fargerik bil. Deira varemerke er å spele nye versjonar av norske folkeeventyr. I haust kan publikum oppleve Campingkompaniets forteljarglede i nabolag rundt om i Groruddalen og ved Rommen Scene, og det vil passe for heile familien.
Dei spelar utandørs, så kle deg etter veret.


Framsyninga blir vist i samarbeid med Campingkompaniet.
Passar frå 3 år.

Finn ut meir