Portrett av Peiman Azizpour

Peiman Azizpour

er utdanna skodespelar ved Det Multinorske, Det Norske Teatret (2015–2018).

Ved Det Norske Teatret har han m.a. hatt roller i Macbeth, L.i.f.e.g.o.e.s.o.n, Snøkvit, Pinocchio og Inn frå regnet, i tillegg til rolla som Birk i Ronja Røvardotter. Ved Den Nationale Scene i Bergen har han spelt Bjarne i Namnet, Peter Pan i Wendy og Peter Pan og Tommy i Kardemomme by, i tillegg til at han var med i produksjonen Skipet De Zee Ploeg. Ved Det Vestnorske Teatret i Bergen har han spelt Jonas i Tordivelen flyr i skumringa og han har vore medverkande i Pang! ved Riksteatret. I 2021-2022 var han del av Talent Norge-satsinga Nye National ved Nationaltheatret, og tok del i produksjonane En Julenattsdrøm og Kakefabrikken.

Peiman Azizpour er for tida også å sjå i rolla som Jonas i Prime-serien Furia, og som Darius i Netflix-serien Midtsommernatt, og er skodespelar i og er medforfattar av manus til kortfilmen Dine føtter på mine øyne.

Aktuell våren 2024 i Hør her´a!

Aktuell med

Portrett av Hør her´a!

Hør her´a!

Fredag/ 24. mai 2024/ 19:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2023 Ronja  Røvar­dotter Birk
2022 Inn frå regnet Jonny
2018 Nattedogg Fotnote, Foster 2 og Samuel
2018 - 2019 Macbeth Fleance, Unge Siward, Bodberar
2018 L. I. F. E. G. O. E. S. O. N.
2017 Snøkvit Skogsskapning / Hoff / Dverg
Pinocchio Rev mfl