I desember inviterer Herborg Kråkevik til ein varm førjulsfest på Hovudscenen! I årets Juleroser har ho mellom anna med seg Espen Lind, Erlend Loe og Musti.
Med Juleroser har Herborg Kråkevik løfta fram ein rik, norsk juletradisjon og fylt den med nytt innhald. I 2026 kjem det litterære juleheftet i si tolvte utgåve med Kråkevik som redaktør. Det blir også fjerde gong du kan oppleve nokre av høgdepunkta på scenen, når Det Norske Teatret inviterer til den etter kvart tradisjonsrike juleframsyninga på Hovudscenen.
Espen Lind har skrive årets julelåt «Søraførr her», om lengsel etter å dra heim igjen, til fjell og fjord i nord. Den framfører han på scenen i årets julekonsert 12. og 13. desember. Erlend Loe har skrive teksten «Riesenschnauzer», om den jula han tok ein uspesifisert «hopp-på-tur» til Kanariøyane heilt åleine, og om hunden han møtte der. Musti har skrive teksten «Jens Bjelkes gate» i årets Juleroser. Ho er med på scenen 20. desember.
I tillegg møter du Birkelunden Mannskor, band og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Vi kan love musikk, forteljingar, humor og tradisjonsrik julestemning. I spissen for det heile står seremonimeister Herborg Kråkevik.
«Juleroser» er eit samarbeid mellom Samlaget og Det Norske Teatret.
Rik, norsk juletradisjon
Juleroser blei første gongen utgitt i 1881, og var det første juleheftet som kom ut regelmessig i Norden. Etter ein pause på over 70 år, blei tradisjonen vekt til live i 2015, denne gongen med artist og skodespelar Herborg Kråkevik som redaktør. Ho fornya sjangeren og skapte ein ny æra for dei litterære julehefta i Noreg. Juleroser er eit vakkert illustrert hefte med nyskrivne bidrag frå nokre av våre fremste forfattarar og musikarar, sett saman med nye og klassiske kunstverk i ein fin balanse mellom det nostalgiske og det moderne.
Det er ein rik, norsk juletradisjon Kråkevik løftar fram med Juleroser, samtidig som ho gir rom for nye uttrykk frå vår tid. Innhaldet i hefta er ikkje eit glansbilde av jula, men levande bilde av mange forskjellige juler - både det gode og det som gjer vondt. Til kvart hefte har ein norsk artist laga ein ny julelåt, og fleire av desse har allereie gått inn i vår felles julesongskatt.
I 2023 inviterte Samlaget og Det Norske Teatret til Juleroser-konsert i foajeen på teateret. Det blei så fint at vi i 2024 flytta konserten inn på Hovudscenen. No har det blitt ein tradisjon, og det er ei stor glede å igjen kunne invitere publikum til ein varm og stemningsfull time med musikk, kunst og litteratur som garantert får julestemninga til å kome.
Kjøp billett
Vel speledato for Juleroser
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar