Hedda Gabler
av Henrik Ibsen

Eit gripande portrett av ei kvinne som blir ei farleg kraft.
Få av Ibsens kvinner har fått så mange merkelappar som Hedda Gabler. Sjølvopptatt, manipulatorisk og vill? Eller berre einsam, forvirra og ulykkeleg, i utakt med sine eigne og med meiningar som ikkje blir respekterte?
Kontroversiell
Heilt frå utgjevinga i 1890 har Ibsens Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det uttalt kvinnelege gjer ein ikkje ustraffa. Ibsen ønskte å undersøke kva følgjer forventningane til eit kvinneliv kan få. Hedda Gabler er eit gripande portrett av eit menneske som i kamp med dei stramme normene i samfunnet blir ei destruktiv og farleg kraft både for seg sjølv og for sine næraste.
Innestengd i heimen
Regissør og påtroppande teatersjef Kjersti Horn har hatt stor suksess med sine ekspressive og nære teaterframsyningar, sist med Einkvan og Kristin Lavransdotter. Også denne gongen er videoinstruktør Mads Sjøgård Pettersen til stades gjennom heile stykket, og gir publikum nærbilde av handlinga som blir projiserte på scenen. Publikum vil med andre ord oppleve handlinga på avstand og i nærbilde på scenen. Scenograf Sven Haraldsson har skapt ein heil draumeheim til Hedda og Jørgen Tesman - ein heim som Hedda aldri slepp ut av.
Kva er greia med video i teateret? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!