Terningkast seks

«Dette værk sætter nye standarder for det litterære selvportræt»

Terningkast seks

«Årets sterkeste leseropplevelse!»

Terningkast seks

«slår luften ud af læseren»

Linn Ullmanns kritikarroste roman blir teater.

Ei seksten år gamal jente har gått seg vill i dei ukjende gatene i Paris. På ein lapp har ho adressa til ein tretti år eldre fotograf. Nesten førti år seinare prøver den vaksne kvinna å forstå den unge jenta ho ein gong var.

«Gjennom å skrive det som skjedde, gjennom å fortelje historia så sannferdig eg kan, prøver eg å samle dei i éin kropp – kvinna frå 2021 og jenta frå 1983. Eg veit ikkje om det er mogeleg.»

Jente, 1983 er eit forsøk på å sjå tilbake på eige liv. Om minnets dikteriske kraft i forsøket på å fortelje om det aller mest hemmelege, og linjene som går mellom kven du var og kven du er. Det er ei til tider brutal og rå historie om makt og avmakt, lyst og skam, venleik og gløymsle.

Linn Ullmann

Linn Ullmann er forfattar, journalist og kritikar. Ho debuterte i 1998 med romanen Før du sovner, og har til saman gitt ut sju romanar. For sitt samla forfattarskap har ho motteke fleire prisar, mellom anna Amalie Skram-prisen, Doblougprisen og Aschehougprisen. Romanane De urolige (2015) og Jente, 1983 (2021) er dei to første banda i ein planlagd trilogi. For begge utgivingane blei ho nominert til Nordisk råds litteraturpris. Romanane hennar er omsett til meir enn 20 språk, og blir utgitt i store delar av Europa og USA.

Luk Perceval

Den belgiske regissøren Luk Perceval har tidlegare hausta stor suksess for sine iscenesetjingar på Det Norske Teatret. Trilogien av Jon Fosse fekk Heddaprisen for årets framsyning i 2020. I 2022 hadde han regi på Fuglane av Tarjei Vesaas. Denne gongen er det Linn Ullmanns Jente, 1983 han skal gi seg i kast med. På scenen står Gjertrud Jynge og Gina Bernhoft Gørvell.

Kjøp billett

Vel speledato for Jente, 1983

Finn ut meir