Nordstoga står bak nokre av dei vakraste julesongane det norske folket berre må høyre før jul, som gjer at julestemninga breier seg i stova i dei tusen heimane. For mange har Jul i svingen-songen blitt like sjølvsagt som Glade jul. Til familieframsyninga Snøsøstra har han snikra ein heilt ny julesong.
- Eg har jobba med Maja Lunde, som har skrive manuset, tidlegare, så det kjende eg at eg hadde lyst til med det same, seier den folkekjære komponisten og musikaren frå Vinje i Telemark.
- Songen Når alle andre sansar kan få kvile handlar om den augeblinken da du går ut til postkassa på julaftan. Og så slår den ned i deg, denne kjensla av at vi høyrer i lag på eit slags vis. Det er som om heile menneskeslekta sansar det same på same tid.
Den augeblinken da du går ut til postkassa på julaftan.
For Odd Nordstoga handlar jula – eller jole – om noko nært, universelt og opphøgd. Jula kjennest viktig. Det er noko med kjærleiken, nestekjærleiken og fellesskapet som står hjartet hans nært.
- For meg er jula ei slags mindfulnessøving. Den handlar om noko av kjernen ved det å vere menneske. Og det er det eg prøver å formidle gjennom denne songen.
- Dette er jol for meg.