Under open himmel
av Steve Tesich
Kva er fridom? Og er den fri for ansvar, eller krev den også noko av oss?
Eit lanskap herja ar borgarkrig. Enorme betongliknande bokstavar, ein gigantisk vatnskrivar og kunstverk av mellom andre Nerdrum, Widerberg og Borchgrevink. Dette dannar scenebildet i Under open himmel.
Her møtest to svært ulike menneske på flukt. AL har ein intellektuell bakgrunn, medan ANGEL kjem frå samfunnets skuggeside. No treng dei kvarandre for å overleve. Dei vil komme seg vekk frå krigen, til Fridomens land. Men når dei nesten er framme ved målet, får dei ei umogleg oppgåve…
Dei store temaa
Med Under open himmel tek teatersjef Erik Ulfsby farvel med Det Norske Teatret som kunstnarleg leiar. Det er eit eksistensielt drama som er innom fleire av dei tematiske linjene han har vore oppteken av gjennom den 14 år lange sjefsperioden sin.
Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?
Kunst på scenen
Det visuelle uttrykket i framsyninga er skapt av bildekunstnaren Lars Ø Ramberg, som også var med på Ulfsbys store prosjekt Andre verdskrigen – Natt i verda og Ein av oss. Sceneuttrykket består av store, monumentale betongbokstavar, og ein vatnprintar dannar bakteppet. Ramberg har også trekt inn kunstverk frå Oslo kommunes kunstsamling på scenen, som blir dyrebare rekvisittar for AL og ANGEL, som reddar kunst på sin veg til det forjetta landet.
Konfliktår som bakteppe
I ei tid da demokratia forvitrar, krigar blussar opp og kjem faretrugande nære, er teksten til Steve Tesich nok ein gong aktuell. Under open himmel blei skrive med dei konfliktfylte 90-åra i Aust-Europa som bakgrunn. Dramatikaren emigrerte sjølv frå eks-Jugoslavia til USA, men blei aldri komfortabel med det amerikanske fridomsomgrepet, som no er under press. I stykket teiknar Tesich også ein høgare himmel av meir eksistensiell karakter. Kva er meininga med livet? Kva er fridom? Kva er ei god handling? Kva er verdien av kunst?
INFORMASJON TIL PUBLIKUM: Det blir brukt strobelys og scenerøyk i framsyninga.