Terningkast fem

«oser av spilleglede og humør»

Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor, formidlar Campingkompaniet folkeeventyr i ny, fargerik drakt. Denne gongen skal Oskeladden (kalla Esther Oskeladd) og brørne ut i verda for å vinne prinsessa som ingen kan målbinde.

Campingkompaniet er eit omreisande teaterkompani som består av av skodespelarane Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos. Sidan 2017 har dei køyrt den fargesprakande bilen sin rundt i heile Noregs land, frå Merdø i sør til Karlsøy i nord, for å tilby lavterskel kvalitetskultur til folk der dei er. Med seg i bilen har dei ei kiste full av gøy og fjas, eit lass av såpeboblar, nokre veldig stilige (og heilt miljøvennlege) konfettikanonar og eventyret om Prinsessa som ingen kunne målbinde.

Campingkompaniet spelar joviale og oppdaterte forteljarteater-versjonar av gamle folkeeventyr. No er det altså Esther Oskeladds forsøk på å målbinde Prinsessa, og med det vinne både henne og halve kongeriket som står for tur!

“Eg fann, eg fann”, sa Oskeladden. “Kva fann du?”, undrar kanskje du. “Ta turen til Det Norske Teatret, så får du sjå”, seier vi!

Framsyninga passar for barn frå 4 år.

Framsyninga er laga i samarbeid med Campingkompaniet. Takk til SPKRBOX for lån av prøvelokale.

Rekk ikkje familien ete før teater?

Finn ut meir