«Med presis regi og solid skuespill speiler forestillingen vår tids gråsoner»

«Knivskarpt kammerspill om makt»

«nær og kjenslevar»

Er vi blinde for makta vi kan ha over andre menneske berre i kraft av klasse, yrke eller posisjon?

Det er kveld, og læraren Astrid og kjærasten Klara ventar besøk av rektoren ved skolen til Astrid. Klara er langt yngre enn Astrid, og dei to møttest da Klara var elev ved den same skolen. Rektoren har noko på hjartet. Det viser seg at det har kome ein alvorleg klage på Astrid frå foreldra til den 16 år gamle eleven Ellen Babić. Det handlar om upassande oppførsel.

Astrid har ein annan versjon av kva som har skjedd. Kven snakkar sant? Og er Astrid og Klara jamnbyrdige i sitt forhold? Eller er forholdet deira basert på ei løgn?

Makt og kjærleik

I Ellen Babić dramatikar Marius von Mayenburg kor skjør maktbalansen kan vere når sanninga kjem for ein dag. I takt med at alkoholinntaket aukar, stig konfliktnivået. I løpet av den dramatiske kvelden kjem gamle minne til overflata, og fortida kjem i eit nytt lys.

Er du mellom 15 og 25 år?

Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?

Finn ut meir