Bakgrunnsartikkel

- Kjenner meg friare når eg komponerer musikk for barn

Komponist Henrik Skram har laga eit nærast filmatisk partitur til familieframsyninga Snøsøstera.

- Eg blir meir nervøs når eg skal komponere for vaksne. Eg kjenner med friare når eg komponerer for barn, da kan eg bruke heile paletten min, seier Skram, som sjølv nærast voks opp ved Operaen. Begge foreldra jobba der, så han fann tidleg ut at det var komponist han ville bli, og at det var filmen som lokka mest.

- Det som er trist, kan ein også få ei god kjensle av.

Til Snøsøstera har han komponert eit symfonisk lydspor som lett kan føre tankane til film, der musikken heile tida er med på å føre handlinga fram eller fargelegge og bygge opp under kjenslene som går føre seg på scenen. Det var regissør Alan Øyen som ønskte seg at framsyninga skulle ha musikalsk underlag heile vegen, og da var det naturleg at han spurde Henrik Skram, som mellom anna har hatt stor suksess med musikken til juleserien Snøfall på NRK. Musikken er spelt inn av Kristiansand Symfoniorkester.

Når Skram har jobba med verket til Snøsøstera, har han forsøkt å finne fram til det som kan vere fint i det triste. Det som er litt mollstemt, også kan gi ei god kjensle, utan at musikken nødvendigvis er lystig.
- Det tenkjer eg er ein viktig funksjon musikken har. At den skapar eit rom ein har lyst til å vere i.

Høyr musikken Henrik Skram har komponert til Snøsøstera her!