Snøsøstera
av Maja Lunde og Lisa Aisato

Snøsøstera er ei varm historie om sorga over å miste ei søster og gleda ved å få ein ny venn, om overnaturlege ting og ekte juleglede.
Det er 1. desember og snart jul. Men i år gruer Julian seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans.
Heime hos Julian er nemleg ingenting som det plar vere i desember. Ingenting er som det brukar å vere i det heile. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Han elskar lukta av klementinar og peparkaker, stearinlys og spenninga i adventstida. Men i år er jula avlyst. Storesøstera til Julian døydde nyleg, og sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Julian er stort sett overlaten til seg sjølv. Alt ser bekmørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.
«Ein ny klassikar»
Ny juleklassikar
Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6. Det Norske Teatret er stolte av å vere dei første til å løfte fram denne varme historia på teaterscenen.
Passar frå 6 år og oppover. Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.
Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Kilden teater og konserthus.
Digitalt program til Snøsøstera

Klok på eit klikk!
Lurer du på korleis du skriv ein julehit, korleis ein pynta juletre i gamle dagar eller korleis du lagar den beste kakaoen i verda?
Kjøp digitalt programInnspelt musikk
Spelt inn av Kristiansand Symfoniorkester i Konsertsalen i Kilden teater og konserthus. Dirigentar Per Kristian Skalstad, Torodd Wigum Teknikar Kristian Bronebakk Produsent Henrik Skram
Tekst og melodi Når alle andre sansar kan få kvile, Snøsong og
Godnattsong Odd Nordstoga Musikarar på innspeling Odd Nordstoga, Erland Dahlen, Marius Reksjø, Svenn Erik Kristoffersen Musikkmiks Henrik Skram
Showpakker (hotell + billett)

Showpakker (hotell + billett)
Reis til Oslo og sjå Snøsøstera i samarbeid med Scandic Showpakker
Les meir