Bakgrunnsartikkel

Med distanse som signatur

Sven Haraldsson er scenografen som både forskjønnar og trashar scenerommet. Den ferske heddaprisvinnaren er hyra inn for å gjere begge delar på haustens storsatsing på Hovudscenen.

Det måtte kanskje ein svenske til for å tore å fjerne tidskoloritten frå Kristin Lavransdotter. Å forkaste mellomalderens estetikk når sjølve arvesølvet i norsk litteratur no finn vegen til storstova på Det Norske Teatret igjen, krev eit visst mot. Eller kanskje utanlandsk nonsjalanse? Når teppet går opp for Sigrid Undsets storverk 10. september vil det ikkje vere ein kjortel, eit vevd ullplagg eller eit lafta hus å sjå. Borte er skinnsko, belte og sverd. I staden er scenen eit plastdekt rektangel omkransa av tre enorme projeksjonsdukar. Publikum skal få den intime opplevinga i nærbilde på skjermen, samstundes som dei kan følgje handlinga i større utsnitt/format gjennom spelescenane på golvet. Og mellom scenen og publikum heng eit gjennomsiktig plastforheng.

Sven Haraldsson tar modige grep på Hovudscenen i ei moderne utgåve av Kristin Lavransdotter.

Vi arbeider i den aller enklaste av teaterformer.

Løfte fram kvinnelivet

Den ansvarlege for det heile, Sven Haraldsson, ler ubekymra på spørsmålet om han veit kva han gir seg ut på no. I Kristin Lavransdotter har Undset skildra tidsriktige mellomaldermiljø så levande og korrekt at generasjonar av lesarar VEIT korleis ho budde, korleis ho kledde seg, kva dei åt og drakk, ja, nærast korleis dei lukta. Men Sven er ikkje redd for å vende om på konvensjonane.

– Kristin Lavransdotter er jo framfor alt eit nærportrett av eit kvinneliv. Tidlegare teateroppsetjingar har gjerne latt det mellomalderske få ligge litt i forgrunnen. Og kanskje har ein i større grad gløymt bort det som handlar om det kvinnelege livet. Vi forsøker å gjere tvert om, reint visuelt. Alt det som ligg langt tilbake i tid, det bryr vi oss ikkje om. Vi forsøker å kome til denne forteljinga om denne fascinerande kvinna gjennom teksten. Vi skal ikkje flytte historia, men vi arbeider i den aller enklaste av teaterformene, der eit visst tal på skodespelarar møtest og saman formidlar historia.

Dei enorme skjermane som rammar inn scenegolvet går tett på skodespelarane og skaper intimitet i det store scenerommet. Det krev presisjon og teknisk finkjensle frå alle rundt scenen. Her i samtale med sceneteknikar Freddy Jensen.

– Men vi skal også lage ei veldig fysisk framsyning. Det er slik Undset skildrar livet til Kristin. Det er ei kvinne som føder barn, som ammar, som får kroppslege problem. Det er kropp, fysikk, det er kjøtt og blod. Og samstundes er utfordringa at vi er på denne enorme scenen med eit utruleg stort publikumsamfi. Vi vil jo også skape ei form for intimitet og nærleik. Tanken er å arbeide med at vi ser ned på den store scenen. Men i spelescenane er det eit videokamera som gjer at vi kan kome nært på andlet og uttrykk og slikt som ein ofte mister i teatersalen. Det ser vi parallelt på skjermane.

Avgjerande møte

Vi har tatt turen inn i teatersalen og tittar på dekorasjonen som er i ferd med å bli bygd. Hovudscenen, ein av Nordens største teaterscenar, er arenaen der dei tre romanane om Kristin vil bli spelt i løpet av ein kveld. Men også kvar for seg, for dei som vil splitte opp teaterbesøket. Regien er ved Kjersti Horn, som Sven Haraldsson trefte som ung student ved Dramatiska Instituttet i Stockholm.

Samarbeidet med Kjersti Horn strekker seg heilt tilbake til studietida. Det har blitt mange store og prisvinnande teaterframsyningar av vennskapet og arbeidsfellesskapen mellom dei to.

– Under utdanninga blei eg kjent med Kjersti, og også Erik Hedin som er lyddesignar på framsyninga. Og der starta eit livslangt, håpar eg, samarbeid. Det var fantastisk å få
gå på ein slik skole. Ein møter andre, og oppdagar at teaterarbeidet er annleis enn ein kanskje trur. Eg var opptatt av estetikken og det ytre, men lærte meg raskt at eg som scenograf eigentleg må vere med å samarbeide, snarare enn å finne på ei rekke dekorasjonar. Styrken ved nettopp denne skolen var å få arbeide tett med alle andre som legg premissa for oppsetjingane. At eg ikkje sat for meg sjølv og bygde modellar, heilt avskoren frå andre funksjonar.

I Raskolnikov testa Kjersti og Sven formatet med storskjerm der handlinga i stykket gjekk føre seg i sanntid. Scenane blei spelte rundt om på teatret. I Kristin Lavransdotter skjer spelescenane i rommet samstundes som dei blir kringkasta på storskjerm.
I Raskolnikov testa Kjersti og Sven formatet med storskjerm der handlinga i stykket gjekk føre seg i sanntid. Scenane blei spelte rundt om på teatret. I Kristin Lavransdotter skjer spelescenane i rommet samstundes som dei blir kringkasta på storskjerm.
Nærbilde av Raskolnikov, skodespelarane var både foran og bak kamera.
Nærbilde av Raskolnikov, skodespelarane var både foran og bak kamera.
Her fortel Kjersti Horn om prosjektet som koplar film og teater.
Frå Valdens historie av Edouard Louis som Sven Haraldsson også hadde scenografien for.
Frå Valdens historie av Edouard Louis som Sven Haraldsson også hadde scenografien for.

Etter utdanninga har Sven fått store oppdrag og har etter kvart fått heile Norden som arbeidsstad. Det er eit liv på stadig reise. Og det er eit liv der det berre er plass til jobb. Teater. Og jobb. I Oslo den eine perioden, med overlapp til Helsingfors den neste, så Bergen, deretter Stockholm. I helgene går turen til Malmø, der kjærasten bur. Sjølv har han adresse i Stockholm og har hatt det sidan han reiste frå Jönköping som 19-åring.

- Under utdanninga blei eg kjent med Kjersti. Og der starta eit livslangt, håpar eg, samarbeid.

Sven og Kjersti har sett opp mange omtalte og suksessrike framsyningar. Her er frå sentrale produksjonar ved Nationaltheatret. Kaos er nabo til Gud, 2017.
Sven og Kjersti har sett opp mange omtalte og suksessrike framsyningar. Her er frå sentrale produksjonar ved Nationaltheatret. Kaos er nabo til Gud, 2017.
Natten er dagens mor, Nationaltheatret, 2015
Natten er dagens mor, Nationaltheatret, 2015
Blikktrommen som Sven Haraldsson fekk Heddaprisen 2022 for beste scenografi for.
Blikktrommen som Sven Haraldsson fekk Heddaprisen 2022 for beste scenografi for.

Eg var nok best på å ta meg ut på scenen og kle på meg fine kostyme, seier Sven Haraldsson om karrieren som tryllekunstnar.

Han voks opp som sistemann i ein syskenflokk på tre i ein vanleg arbeidarklassefamilie. Som yngst fekk han mykje merksemd og støtte av foreldra. Som femåring blei han tatt med på sirkus og fekk også sitt første møte med ein tryllekunstnar. Der og da blei livet endra. Han sette i gang eigne framsyningar, faren fekk bygge scenar og mor sydde kostyme. Så oppslukt blei han at han skaffa seg eit namn som tryllekunstnar og turnerte Norden alt som barn. Svenix var kunstnarnamnet. Hovudnummeret var i grunnen å stå på scenen. I fine klede. Pengane kom godt med, så det blei vanskeleg å fase ut denne karakteren. Først etter vidaregåande avvikla han karrieren som tryllekunstnar.

– Det var ein så stor del av barndommen min. Eg slutta først da far min blei sjuk og seinare gjekk bort. Dette var noko foreldra mine og eg delte, som det jo er om ein spelar ishockey eller går på ski også, det blir eit familieprosjekt.

Sjølv om faren ikkje lenger kan følgje Sven gjennom yrkesvegen, så er mora framleis del av verksemda hans. Ho skjøttar rekneskapen hans og har gjort seg nødvendig i liva til barna sine.

Arbeidsfellesskap på tvers av arbeidsplassar

Dei første ti åra etter utdanninga var Sven Haraldsson husscenograf på Stockholm Stadsteater under leiing av Benny Fredriksson, ein sjef han omtalar som både enormt inspirerande og veldig krevjande.

– Det har prega mitt syn på teater. Og det har prega mitt syn på korleis eit teaterhus skal drivast. Det hadde mange ulemper, han dreiv teateret så hardt, men det var så enormt vitalt og levande.

På det meste var det eit titals langtidstilsette scenografar ved teateret og like mange instruktørar. Eit stort og fruktbart arbeidsfellesskap med kollegaer.

– I dag som frilansar treffer ein jo aldri kollegaer. Men den gongen sat vi i same korridor, og vi alle svor og var forbanna for at føresetnadene var feile, at dekorasjonen aldri blei ferdig i tide, og vi må utsetje premieren. Men det gjorde vi aldri. Det var lærerikt. Første året gjorde eg kanskje to produksjonar, nokre år seinare var eg oppe i 8 – 10.

Så på eit sett er alle teater heilt like,­
på eit anna sett heilt ulike.

Ti år på same teater var fint. Men det som stimulerer Sven Haraldsson mest no er nettopp å kome til nye stader, nye teater, nye miljø. Å ha ein del teater som han jamleg har oppdrag ved.

– Visse saker er heilt umoglege ved nokre teater, men dei går heilt fint å gjere på neste. Det finst vanskar på alle stader, men det finst også mange moglegheiter, og dei ser annleis ut på ulike teater. Så på eit sett er alle teater heilt like, på eit anna sett heilt ulike. Derfor er det stimulerande. Fokuset mitt blir derfor berre på min produksjon.

No er det berre Kristin Lavransdotter og livet hennar som tar plass i hovudet hans.

Sigrid Undsets hovudverk er eit livsdrama med store svingningar. Det er eit ambisiøst prosjekt, men også ei spennande og lærerik oppgåve for dei mange involverte.

Frå tidlege leseprøver. Sven Haraldsson -  som så ofte -  med skyggelue, ved sidan av han sit Sara Khorami som spelar Kristin. Så følgjer lyddesignar Erik Hedin og skodespelarane Ane Dahl Torp og Kaia Varjord.
Frå tidlege leseprøver. Sven Haraldsson - som så ofte - med skyggelue, ved sidan av han sit Sara Khorami som spelar Kristin. Så følgjer lyddesignar Erik Hedin og skodespelarane Ane Dahl Torp og Kaia Varjord.
Tre romanar skal inn under huda. Det krev konsentrasjon og hardt tekstarbeid blant skodespelarane.
Tre romanar skal inn under huda. Det krev konsentrasjon og hardt tekstarbeid blant skodespelarane.
Kjersti Horn har eit stort ensemble når hun skal føre livet på Jørundgard over til scenen.
Kjersti Horn har eit stort ensemble når hun skal føre livet på Jørundgard over til scenen.

Den vakre distansen

Saman med Kjersti Horn forskar han også i korleis kontakten mellom scenen og publikum oppstår. Dei har hengt eit kjempestor transparent plastforteppe mellom salen og skodespelarane, noko som gjer at skodespelarane blir ekstra medvitne på kvar dei er og kvar publikum er. Og ved at det finst ein ytterlegare mur å sprenge gjennom, ved det at skodespelarane blir stengt inne på scenen, håpar Svenn at det skal skape ein større nærleik. Fordi dette hinderet finst, så må dei arbeide enda hardare.

– Kjersti tolkar det annleis igjen, for henne handlar det om slik ho opplever sjølve livet, om å vere innestengd i sin eigen kropp, at ein alltid har eit hinder som ein må arbeide med, slå seg gjennom. Vi gjer det påtakeleg at det finst ein motstand, og da kanskje ein anstrenger seg litt ekstra, både på scenen. Og i publikum.

Litt som når ein går på gata ein mørk kveld og kikkar inn i bustader, avsluttar Svenn Haraldsson.

– Når ein ser bustader utanfrå, er dei som regel vakrare. Distansen skaper nyfikne, alle ting som har frosta filter får ein mystikk over seg. Det blir nesten litt romantisk. Men når ein først kjem inn i bustaden forsvinn mykje av det der. Eg er litt glad i den distansen. •