Amell Basic
(f. 1985, Prijedor, Bosnia-Herzegovina) frå Oslo er utdanna skodespelar ved Kunsthøgskolen i Oslo (2012- 2015).
Han har i fleire år vore knytt til Det Norske Teatret gjennom ei rad produksjonar. Han har m.a. hatt hovudrolla som Andrej i ≈ Tilnærma lik (2016) og var Kasimir i Kasimir og Karoline (2018), begge i regi av Peer Perez Øian. Han har spelt i Herr Marmelade (2016), Det har visst vore ein episode (2017) og Herostratos (2017) på Scene 3. Han var del av framsyningane Den siste kongsfesten og Bestialitetens historie (2020), begge i regi av den kroatiske regissøren Ivica Buljan. I 2024 spelte han Angel i Under open himmel - Erik Ulfsbys siste regioppdrag ved Det Norske Teatret medan han var teatersjef.
Dei seinare åra har han vore på vestlandet, og m.a. spelt Mercutio i Romeo og Julie (2023), i regi av Kjersti Horn ved Den Nationale Scene.
Han har gjort fleire roller i TV-seriar, deriblant rolla som Scott i NRK-serien Beist (2023).
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
| 2024 | Under open himmel | Angel |
| 2021 | Gå | |
| 2021 | Linje 5 | |
| 2020 | Bestialitetens historie | Al Assadun |
| 2019 | Oslo | Hassan Asfour |
| 2018 | HyPer i Egypt | Vegard, Stasse, mfl. |
| 2018 - 2019 | Macbeth | Lenox |
| 2018 | Kasimir og Karoline | Kasimir |
| 2018 | Den siste kongsfesten | |
| 2017 | Det har visst vore ein episode | |
| 2017 | Herostratos | |
| 2016 | Festning europa |