Terningkast fem

«…hypnotiserende sterkt»

«Christian Ruud Kallum gjør en kraftprestasjon i rollen som hovedrollen Mattis»

«en maratonopplevelse som briljerer med glimrende skuespillerprestasjoner»

I jubileumsåret til Tarjei Vesaas hentar vi fram eit meisterverk frå den nynorske litterære kanonen. Fuglane blei første gongen dramatisert av skodespelar Nils Sletta ved Det Norske Teatret i 1997, og blei ein stor kunstnarleg siger. No er det den belgiske regissøren Luk Perceval som gir seg i kast med teksten. Han gjorde sist suksess med iscenesetjinga av Trilogien av Jon Fosse på Hovudscenen, ei framsyning som hausta Heddaprisen for Årets framsyning i 2020.

Vesaas´ Fuglane er ei nær og omsorgsfull skildring av Mattis, som bygdefolket berre kallar Tusten. Han er hjelpelaus både i arbeidsliv og kvardagsliv. Men han kan lese teikn i naturen, og somme sider ved livet ser han klårare enn dei fleste. Han bur i lag med søstera Hege, som gjer det ho kan for å brødfø dei begge. Men ein dag flyg ei rugde over huset deira. Så slår lynet ned i eit av trea som står på tunet. Mattis les dette som teikn. Teikn på at noko er i ferd med å hende, og at ingenting vil bli som før.

«Allra bäst är skådespelarhantverket hos Christian Ruud Kallum. Att se honom som Tusten är värt pengarna, och slutscenen är helt fantastisk!»

Lytt til den nyaste episoden av Språkoppdraget

«Fuglane er en sjeldent
godt avstemt og balansert forestilling»

Skapte teaterhistorie

Fuglane har ein sentral plass i historia til Det Norske Teatret. Nyleg avdøde skodespelar Nils Sletta dramatiserte romanen og spelte sjølv rolla som Mattis. Ole Anders Tandberg hadde regi på framsyninga, som hadde urpremiere på Scene 2 i 1997. Den kritikarroste framsyninga trekte eit stort publikum og Sletta fekk Teaterkritikarprisen for rolletolkinga si. Framsyninga har blitt ståande som eit referanseverk i nyare norsk teaterhistorie, og blir hugsa gjennom dei stilreine fotografia til Per Maning.

Kjøp digitalt program for 30 kroner.

Finn ut meir