Terningkast fem

«Lekent og alvorlig om tiden og veien til døden, men mest om livet»

Terningkast fem

«en sjeldent god iscenesettelse av en roman. Man blir enda litt gladere i livet etter å ha sett denne forestillingen på Det Norske Teatret»

«...gjør kreft til en livsbejaende forestilling om hva vi gjør ut av livene våre og tiden vi har.»

Ei feiring av kjærleiken til livet, til menneska som er del av det og kunsten si kraft i møte med alvorleg sjukdom.

Vilde Berg er dramatikar, forfattar, kjærast, dotter, syster, venninne og boksar. No også kreftpasient.

Ho er midt i livet. Vilde Berg bur i Stockholm med kjærasten O, skriv teaterstykke, har ein landstad der ho elskar å vere. Ho har mange vener og ein stor familie i Noreg. Ho har så mange historier i seg at dei fleste aldri blir ferdige. Ho vil fortelje.
Men så får ho eit brev frå Karolinska sjukhuset.

Eg føreslår at vi vaknar er forteljinga om Vilde, om kven ho er, kven ho har vore og kven ho blir i møtet med ein diagnose ho ikkje vil ha. Det er ei historie om å klamre seg fast til alt det livet kan by på og møte verdas fenomen med ei barnleg nysgjerrigheit. Om å nekte å vere sjuk, og om behovet for å konstruere si eiga forteljing. For kan Vilde eigentleg døy, når litteraturen ho skriv held henne levande?

Kritkarrost roman

Jeg foreslår at vi våkner blei den siste boka Beate Grimsrud rakk å gje ut, før ho døydde sommaren 2020. Boka fekk strålande meldingar da ho kom ut og vann Brageprisen. Når boka no blir teater, er det med Charlotte Frogner som regissør og Heidi Gjermundsen Broch som Vilde.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM: Det blir nytta strobelys og scenerøyk i framsyninga.

I framsyninga blir det nytta eit utdrag frå Til Fyret av Virginia Woolf, omsett til nynorsk av Brit Bildøen.

Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?

Kjøp billett

Vel speledato for Eg føreslår at vi vaknar

Finn ut meir