Personvern og informasjons­kapslar

Denne personvernerklæringa fortel korleis Det Norske Teatret samlar inn og bruker personopplysingar.

Vi samlar inn personopplysningar for å levere, støtte, tilpasse og utvikle tenestene våre, og for å gjere desse meir relevante og nyttige for deg. Personopplysningar er alle former for informasjon som direkte eller indirekte kan knytast til ein enkeltperson.

Det Norske Teatret samlar inn personopplysningar for tre føremål:

  • For gjennomføring av billettkjøp
  • På besøk på detnorsketeatret.no
  • I samband med utsending av nyheitsbrev

1. Billettkjøp

Når du kjøper billett gjennom våre tenester registrerer vi dine kjøp, reservasjonar eller kanselleringar. Det inkluderer følgjande informasjon:

  • E-post
  • Namn
  • Adresse (valfritt)
  • Postnummer og by (valfritt)
  • Mobilnummer
  • Eventuell rabatt (student/OBOS-medlemskap/honnør/abonnent/spesialpris)
  • Kundetype (t.d. medlem i Vennelaget)
  • Gjennom kva kanal billetten er kjøpt og kvar i salen du sit

Personopplysningane blir handsama for å gjennomføre billettbestillingane dine, for å sende deg e-post med eit ikkje-kommersielt bodskap der du blir minna på at det snart er framsyning ,og for å gje deg praktiske opplysningar (som til dømes garderobe, Innsikt, om det er pause i framsyninga).

For å utvikle tenestene våre kan vi – ved einskilde høve - sende deg spørjeundersøkingar. Du forpliktar deg ikkje til å svare på spørjeundersøkingane og du kan sjølv velje kva for informasjon du oppgir. Vi vil informere om spørjeundersøkinga er anonym eller ikkje.

2. detnorsketeatret.no

Når du besøker nettstaden vår detnorsketeatret.no fører vi logg over brukardataa dine, til dømes om du viser eller klikkar på innhald (t.d. ei framsyning) eller gjennomfører eit søk.

Opplysningane som blir samla på detnorsketeatret.no blir nytta for å tilpasse og forbetre innhaldet på heimesida vår. I tillegg til at vi kan vise deg annonsar for våre framsyningar og arrangement i andre kanalar og nettstader utanfor heimesida vår.

Det Norske Teatret samlar inn opplysningar om besøkande på detnorsketeatret.no for å utarbeide statistikk om bruken av tenesta. Føremålet er å forbetre og vidareutvikle innhaldet på heimesida. Døme på kva statistikken gir svar på er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som nyttast . Denne informasjonen inneheld ikkje brukarspesifikke detaljar.

3. Nyheitsbrev

Påmelding til nyheitsbrev frå Det Norske Teatret er gratis og uforpliktande. Det er mogleg å seie opp abonnementet kva tid som helst. Ved å akseptere dei følgjande vilkåra samtykker du til at Det Norske Teatret kan sende deg e-post om:

  • Framsyningar og arrangement på Det Norske Teatret
  • Informasjon om Det Norske Teatret
  • Tilbod, konkurransar, sal og arrangement.

Når du fyller ut påmeldingsskjemaet, samtykker du til at Det Norske Teatret samlar inn, registrerer og lagrar personinformasjonen du har oppgitt for å kunne sende deg nyheitsbrev.

Vi nyttar e-postadressa di for å stadfeste identiteten din.

E-postadressa di blir lagra i vår eigen database, og blir ikkje delt med andre. Du kan når som helst stanse mottak av nyheitsbrevet ved sjølv å endre samtykke på MI SIDE eller ved å nytte valet «meld deg av nyheitsbrevet» nedst i alle nyheitsbrevutsendingar. Dersom du ønskjer at vi skal slette deg frå lista, sender du ein e-post til slettmeg@detnorsketeatret.no.

Vi vil halde informasjonen vår om deg konfidensiell. Det Norske Teatret vil ikkje dele, selje eller på annan måte gjere informasjonen din tilgjengeleg for tredjepartar eller andre selskap utan samtykke frå deg, med mindre dette er rettsleg påkravd eller nødvendig for å levere ei teneste eller vare du har kjøpt eller bedt om.

Informasjonskapslar

Dei fleste nettlesarar er automatisk innstilt på å godkjenne informasjonskapslar. Du kan endre innstillingane slik at du anten blokkerer, slettar alle informasjonskapslar, eller blir varsla når ein informasjonskapsel blir lagra på datamaskina di. Les meir om korleis du gjer dette på informasjonssida til nettlesaren din.

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Det Norske Teatret brukar informasjonskapslar for at ulike tenester på nettsida vår skal fungere.

Handsamingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å handsame opplysningar som er nødvendige for å vareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet til den einskilde. Den rettkomne interessa er å få tenester på nettsida til å fungere.

Lagring av opplysningar og handsaming av opplysningar frå cookies er ikkje tillate med mindre brukaren av nettsida både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til handsaminga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva for opplysningar som blir handsama, kva føremålet med handsaminga er og kven som handsamar opplysningane, jf. ekomloven § 2-7b. Dette blir gjort i nettlesaren til brukaren.

På detnorsketeatret.no nyttast cookies for analyse og betring av tenestene våre på nett. Ein cookie er ei tekstfil som blir send frå ei nettside t.d. www.detnorsketeatret.no til datamaskina eller smarttelefonen din. Vi nyttar cookies til desse føremåla:

  • Hente statistikk frå nettsida, t.d. tal på besøkande, og kva for sider som blir sett mest på.
  • Forbetring av nettsida.
  • Forbetre marknadsføringstiltak.

Når du nyttar detnorsketeatret.no godkjenner du også bruk av informasjonskapslar.

Desse opplysningane og data samlast inn ved bruk av detnorsketeatret.no:

  • dc_gtm_UA-2105776-4
  • _fbp
  • _ga
  • _gat_UA-2105776-4
  • _gcl_au
  • _gid

I denne tabellen finn du ei oversikt over dei nemnde GA-cookies: https://developers.google.com/analytics/devguides/collection/analyticsjs/cookie-usage#analyticsjs

Google analytics

Vi nyttar Google analytics for statistikk. Vi får informasjon om kva for sider som er mest besøkte, kvar brukarane kjem frå og når på døgnet sidene blir mest besøkte. Google kan overføre statistikken til tredjepartar om det er eit krav ima. lov eller i tilfelle kor tredjepartar handsamar informasjonen på vegner av Google.

Facebook

Vi nyttar informasjonskapslar frå Facebook for å måle korleis annonsane våre på Facebook fungerer, og for å kunne sende deg annonsar på Facebook etter at du har besøkt detnorsketeatret.no. Dette gjerast gjennom ein «Facebook Pixel». Informasjonskapslane blir oppretta berre om du er logga inn på Facebook, og inneheld ikkje personleg informasjon som kan bli identifisert.

Her kan du sjå og administrere annonseinnstillingane dine på Facebook
Les meir om Facebook og informasjonskapslar

Instagram

Informasjonskapslar som samlar informasjon om besøkande for å tilpasse digital marknadsføringog for å betre handleopplevinga.

Avviksstatus

Det blir brukt informasjonskapslar for å hugse om brukaren har lese ei avviksmelding slik at denne ikkje blir vist fleire gonger. Tidpunkt for minifisering/lukking av avviksmelding blir lagra for at denne ikkje kan visast igjen ved endring. Denne informasjonen blir ikkje henta inn av Det Norske Teatret.

Søk

Det Norske Teatret lagrar informasjon om kva for søkeord som blir nytta på detnorsketeatret.no. Føremålet med å lagre søkeord er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Søkeordet som lagrast blir ikkje kopla til opplysningar om brukarane.

Førespurnader og framlegg via hei@detnorsketeatret.no og telefon

Desse kan lagrast i dei digitale, datasikra arkiva våre, og blir lagra så lenge vi har behov for å handtere førespurnaden din. Vi ber deg om ikkje å sende sensitive personopplysningar pr. e-post.

Deling av informasjon til tredjepart

Personopplysningar som blir samla inn for bruk av tenestene våre blir berre delt med underleverandørar som tilfredsstiller Det Norske Teatret sine krav til handsaming av personopplysningar.

Dine rettar

Du har som brukar rett til å sende oss førespurnad om innsyn i personopplysningane som vi handsamar om deg og korleis dei blir handsama. Du kan også spørje om retting, sletting og avgrensingar i handsaminga av personopplysningar i samsvar med personopplysningslova.
Det Norske Teatret handsamar personopplysningane dine på bakgrunn av samtykket ditt. Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ditt. Tilbaketrekking av samtykke vil ikkje påverke om handsaminga av personopplysningane dine i tida fram til du trekte samtykket ditt var lovleg.

Dersom du meiner at Det Norske Teatret har ikkje har tatt vare på rettane dine i samsvar med personopplysningslova, har du rett til å klage Datatilsynet. Sjå meir på www.datatilsynet.no

Endringar i denne personvernerklæringa

Det vil kunne vere behov for å endre denne personvernerklæringa, og til alle tider vil ei oppdatert personvernerklæring vere tilgjengeleg på detnorsketeatret.no.

(Informasjonen om personvern blei oppdatert 01.06.2019)