Trilogien
av Jon Fosse
Huslause og svevnlause vandrar den høggravide Alida og barnefaren Asle rundt i det regntunge Bjørgvin. Dei har måtta forlate heimbygda, og no er tida for at ho skal føde komen, men ingen vil gje dei husrom. I desperasjon tyr det unge paret til drastiske løysingar, som dei seinare blir stilte til ansvar for.
I regissør Luk Percevals dramatisering av Trilogien er Ales, Alida si dotter og hovudpersonen i siste romanen, Kveldsvævd, blitt ein gjennomgåande karakter. Ales nøstar opp historia om Alida og Asle, og prøver å setje saman puslespelbitane frå sitt eige liv og liva som blei levde før ho blei fødd.
"Eit teaterstykke er eit utstrekt dikt for meg."
Regn, vatn, hav og båtar
I Jon Fosses meisterverk, Trilogien, er båtreisa sentral. Dei dramatiske månadane i Bjørgvin, der sonen deira Sigvald blir fødd og Asle må bøte med livet, startar og sluttar med ei båtreise. Og Bjørgvin, Vestlandet, og det alltid nærverande havet, er bakteppet. Scenograf Annette Kurz har også tatt utgangspunkt i båtar når ho har laga scenebilete til framsyninga.
- Regn, vatn, hav og båtar. Det er viktige element i Trilogien. Både som eit bilete eller eit symbol, men også som ein konkret båt. Båtar fortel ei historie om dei som må flytte på seg heile tida, dei heimlause og dei foreldrelause, liksom Asle og Alida. Og sjølvsagt om dei som lever av havet.
Europeisk stjerneregissør i Noreg
Alle som kjenner Fosse veit at repetisjonar, både språkleg og tematisk, er attergangarar i forfattarskapen hans. Repetisjonar som er lette å få auge på også i Trilogien. Sjølv om den tredelte romanen er ei slags krimgåte, er det også ein slektsroman. Ei forteljing som går gjennom generasjonar, der vala ein generasjon tar repeterer seg i den neste. Desse repetisjonane var noko av det som gjorde at Perceval kjende at han måtte gjere trilogien.
- Eg hadde gjort Draum om hausten i München, og var vel kjend med Fosse. Men då eg las Trilogien kjende eg med ein gong ein sterk samanheng mellom mitt eige liv og Fosses tekst. Desse repetisjonane kjennest uunngåelege, det er som om jo meir ein går inn i framtida, jo meir blir ein dradd tilbake i fortida. Ein tenkjer at no gjer eg noko heilt nytt, men eigentleg gjer ein det same igjen og igjen og igjen og igjen, seier regissør Luk Perceval.
For international guests at The International Fosse Festival
Translation into English
The performance will be translated into English via an smartphone app.
Read moreAbout the performance in English
A trilogy about love, that soars between sleep, dream and waking state.
Read moreLytt til ein podcast med regissør Luk Perceval og teatersjef Erik Ulfsby.