
Hilde Olausson
gjekk ut frå elevskolen ved Det Norske Teatret i 1981, og har sidan vore fast tilsett ved teateret.
Ho har spelt eit utal framsyningar i ulike sjangrar, som m.a. Faust, Privattimen, Ordet, Bikubesong, Vår Vesle, Den knuste krukka og Den siste kongsfesten. I tillegg var Olausson knytt til Trøndelag Teater i 5 år, med roller i m.a. Vildanden, John Gabriel Borkmann og Cabaret. Ho har òg medverka i ulike filmar, som Elling av Ingvar Ambjørnsen, i 22 July som mor til Breivik og Møterommet av Ellen Ugelstad. Hilde skriv òg dramatikk og har sett opp tre eigne skodespel; Stjerna, Ja, eg er en tiariker og Jul i Prøysenland.
Aktuell som Tenestejente i Frost.
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
2023 | Sluttspel | Nell |
2022 | I desse dagar | Dama med katten/ Radiostemma |
2022 | Bror | |
2022 | Marjas jord | Praskovja Grisjina |
2022 | Into the Woods | Lucinda, Oskepotts stesyster |
2021 | Dekameronen 2021 | |
2021 | Arne Næss og fjellets løyndom | |
2020 | Gå | |
2020 | Bestialitetens historie | Den russiske ambassadrisa |
2020 | Kirsebærhagen | Charlotta Ivanovna |
2019-2020 | Charlie og sjokoladefabrikken | Miss Green, Ompa Lompa m.fl. |
2019 | Den knuste krukka | Fru Birgitte |
2018 | Den siste kongsfesten | |
2018 | Vår vesle | Monica, mor til Mari |
2017 | Faens nisse! | Ingrid |
2016 | Frukost i det grøne | Fru Tepan, soldatens mor |
2016 | Songfuglen | Levona, vakt |
2016 | åstaddikting | |
2015 | Brand | 5. korist |