Terningkast seks

«Rystende godt teater (…) et poetisk, politisk og kraftfullt stykke kunst.»

Terningkast fem

«Et intenst maratonløp»

Terningkast fem

«Kjersti Elvik er enestående.»

Kva er sanning? Og kven har rett til å definere kva som er sant og kva som ikkje er det?

Gjennom regissør Kjersti Horns rå og ærlege uttrykk, og med bruk av videoprojeksjonar, kjem vi tett på hovudpersonen Bergliot si overgrepshistorie og hennar grenselause fortviling.

Omdiskutert roman

Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths omdiskuterte roman, som sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata. Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.

Kritikarrost som roman og teater

Vigdis Hjorth blei heidra med både Bokhandlerprisen og Kritikerprisen for romanen. Dramatiseringa av Arv og miljø hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018 til fantastiske kritikkar, og blei nominert til Heddaprisen både for Årets framsyning og Beste regi. No kan publikum på austlandet oppleve framsyninga, når den får nypremiere med Kjersti Elvik i spissen for eit nytt ensemble.

Alle lykkelege familiar liknar kvarandre, kvar ulykkelege familie er ulykkelege på sin eigen måte.

- Leo Tolstoj

Arv og miljø er eit samarbeid med Den Nationale Scene i Bergen, og hadde opphavleg premiere der den 20. november 2018.

Kampen om sanninga

Romanen Arv og miljø av Vigdis Hjorth stiller spørsmål om kven som har rett til å definere kva som er sant og ikkje. Det spørsmålet blei også sentralt i debatten som følgde utgivinga.

Les meir

Mor til bry

- Det er ikkje alle forunnt å ha eit harmonisk og givande forhold til sine næraste, seier Anne Marit Jacobsen, aktuell som mora i Arv og miljø.

Les meir

Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?

Finn ut meir