Korleis få tida til å gå når pesten herjar der ute?

I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier.

Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.

Lytt no!

Frå 19. april til 29. april blir desse historiene lagde ut:

1. Dei siste beatpoetane i Midt-Hordaland 
av Ragnar Hovland. Frå «Vegen smal og porten trong», Det Norske Samlaget (1981)
Fortalt av Karl-Vidar Lende 
Regissør: Siri Løkholm Ramberg

2. Far og eg 
Novelle av Pär Lagerkvist, originaltittel Far och jag frå «Onde sagor» (1924). Framført etter avtale med © Pär Lagerkvist Estate. Omsett frå svensk av Inger Johanne Sæterbakk (2021)
Fortalt av Amund Sigurdssønn Karlsen
Regissør: Anders Hasmo

3. Eit besøk til  Monk’s House 
av Gunnhild Øyehaug. Frå «Vonde blomar», Kolon (2020). 
Fortalt av Emil Johnsen
Regissør: Siri Løkholm Ramberg

4. Ålen i glaset
av Lars Petter Sveen. Frå «Ingenmannsland. Nye nynorske noveller», Det Norske Samlaget (2020).  
Fortalt av Niklas Gundersen 
Regissør: Anders Hasmo

5. Heim
av Marit Kaldhol. Frå «enno var dei kroppar», Det Norske Samlaget (2021).
Fortalt av Andreas Koschinski Kvisgaard 
Regissør: Siri Løkholm Ramberg

6. Ryktet går 
av Einar Økland. Frå «Forteljingar og fablar frå andre tider», Det Norske Samlaget (2015). 
Fortalt av Hilde Olausson 
Regissør: Anders Hasmo

7. Vegen til Aeshaness
av Odd Goksøyr, frå «Aljamarkir», Det Norske Samlaget (2020).
Fortalt av Unn Vibeke Hol 
Regissør: Siri Løkholm Ramberg

8. Langtransport
 av Gaute M. Sortland
Fortalt av Sarah Francesca Brænne
Regissør: Siri Løkholm Ramberg

9. Utdrag frå 11 meter – Straffesparkets historie 
av Nils Henrik Smith, Kagge (2020). 
Fortalt av Kristoffer Olsen
Regissør: Anders Hasmo

10. Elvis Presley Blues 
av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020).
Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland 
Regissør: Siri Løkholm Ramberg


Finn ut meir