Kvifor er menneska så opptatte av å gjere tilværet uuthaldeleg for kvarandre, og kvifor er menneske vonde og bestialske?

I 2020 er det 100 år sidan ein av dei mest markante og særprega forfattarane i norsk etterkrigstid blei fødd. Jens Bjørneboe var kulturradikalaren, opprøraren og den anarkistiske riksmålsmannen som skaka det offentlege ordskiftet med bøker, meiningar og ein livsstil som utfordra samtida.

Hovudverk i litteraturhistoria

I jubileumsåret blir hovudverket hans, Bestialitetens historie med vekt på det andre bindet Kruttårnet, dramatisert og sett i scene av kroatiske Ivica Buljan. Publikum kan vente seg ei upolert og røff framsyning med ensemblerockebandet "Waffel SS". Buljan er fascinert av Bjørneboes intense utforsking av menneskenaturen og lovar a crazy performance with a lot of sex and violence.

Ettertrakta regissør

Ivica Buljan er sjef ved Det kroatiske nasjonalteateret i Zagreb og er anerkjent og ettertrakta i det europeiske teaterlandskapet som regissør. Han var sist noregsaktuell med Den siste kongsfesten på Scene 2 i 2018, og framsyninga markerte seg raskt i den norske offentlegheita for si ekspressive form.

Finn ut meir