Terningkast seks

«Kjersti Horn gjør «Einkvan» til en mørk, erotisk og uforglemmelig urpremiere.»

Terningkast seks

«Rått og sensuelt om ensomhet»

Terningkast fem

«Det er blitt ei vakker og intens framsyning.»

Eit heilt nytt skodespel av Jon Fosse.

«Det som greip meg då eg for første gong såg noko eg hadde skrive framført på ein scene, ja det var nettopp det motsette av einsemd, det var fellesskap, ja å skapa kunst gjennom å dela kunst – og det gav meg ein stor glad tryggleik.»
Dette sa Jon Fosse i Nobelforedraget han heldt den 7. desember 2023.

Det nyaste skodespelet hans, Einkvan, handlar nettopp om denne lengta etter kvarandre, og om einsemda, sorga og avmakta i ikkje å nå fram til dei vi er aller tettast bundne saman med, den næraste familien.

«Kanskje eg skal prøva å snakka til han igjen», seier ei av rollene.
«Ja, eg må jo kunna snakka med min eigen son».

Nærleik og avstand

Karakterane på scenen strevar etter å oppnå kontakt med kvarandre. Dette blir understreka av at publikum også vil oppleve ein fysisk avstand til skodespelarane på scenen. Scenograf Sven Haraldsson har skapt eit rom i scenerommet avgrensa av eit forheng av svakt gjennomsiktig plast, som stenger mellom skodespelarane og publikum. På lerret vil ein sjå levande nærbilde av skodespelarane som befinn seg inni rommet.

Braut igjennom som dramatikar

Når Jon Fosse får Nobelprisen i litteratur er han på mange måtar på høgda av karrieren sin, og meir produktiv enn nokosinne. Storverket Septologien vart fullført i fjor, til stor begeistring frå eit internasjonalt kritikarkorps. Men det var som dramatikar Jon Fosse verkeleg fekk sitt gjennombrot, og det er i teateret han høyrer heime. Det er ei stor ære for Det Norske Teatret å få vere vertskap for den første urpremieren til Jon Fosse etter at han fekk Nobelprisen.

Framsyninga blir sett i scene av påtroppande teatersjef Kjersti Horn og hennar sterke kunstnarlege lag – det same laget som stod bak kjempesuksessane Raskolnikov, Kristin Lavransdotter og Ei kvinnes kampar og forvandlingar.
Publikum kan vente seg ei formsterk framsyning som peikar framover mot eit nytt og spennande kapittel i historia til Det Norske Teatret.

«Det første Jon Fosse skrev etter at han fikk Nobelprisen i litteratur, er blitt til et konseptuelt spennende stykke teater»

Kjøp billett

Vel speledato for Einkvan

  • Utseld
  • Utseld
  • Utseld
  • Utseld
  • Utseld

Finn ut meir