Terningkast seks

Kirsebærhagen blinker i livets mørke

Terningkast fem

Festen er over, men «Kirsebærhagen» er en feiring verd.

Den svarte humoren pipler fram som små perler av russisk kaviar

Etter fleire år i Paris kjem Ljubóv Ranévskaja heim til godset i Russland. Godset er omgitt av ein kirsebærhage som er like vakker som han er stor. Men no står familien i fare for å miste både gods og hage. Dei har ikkje hatt inntekt på fleire år, kapitalen er for lengst brukt opp, lånet er høgt og rentene ubetalte.

Situasjonen er så alvorleg at godset etter planen skal seljast på tvangsauksjon om få veker. Likevel trur Ljubóv og bror hennar Gajev at det heile skal løyse seg på magisk vis. Dei er rett og slett ute av stand til å ta grep om situasjonen, og prøver i staden å døyve uroa med champagne, russisk kaviar og orkestermusikk, og nektar å høyre på den tidlegare bonden Lopakhins gode råd om å selje kirsebærhagen for å redde godset.

Vi er godseigarar

Tsjekhovs Kirsebærhagen er ein av teaterhistorias store klassikarar. Stykket skildrar ei verd i endring, der den gamle eliten står for fall og nye verdiar veks fram. I slike brytningstider er det mange ulike straumdrag, og det kan vere uoversiktleg og vanskeleg å manøvrere rett. Konflikten mellom før og no gjennomsyrer stykket, men karakterane har motstridande perspektiv. Fortida er vakker og grufull, vond og god, alt avhengig av kven som snakkar. Og framtida er full av håp og moglegheiter for nokon, men er skremmande og trist for andre.

Kunstnarleg team

Kirsebærhagen er i regi av Johannes Holmen Dahl, ein av våre fire husregissørar. Holmen Dahl har mastergrad i regi frå Teaterhøgskolen i Oslo (Khio 2015). Han har hausta mykje åtgaum for fleire sterke framsyningar av klassiske tekstar. I 2017 vann han Heddaprisen i regi for si oppsetjing av Glassmenasjeriet på Trøndelag Teater, ein produksjon som òg blei nominert i heile fire andre kategoriar, deriblant årets framsyning og årets scenografi. Derfor er vi glade for at det er det same teamet som skal lage Kirsebærhagen, med scenograf Nia Damerell og lysdesignar Eivind Myren. I tillegg har Ane Ledang Aasheim kostymedesign og komponist Alf Lund Godbolt står for det musikalske. På Det Norske Teatret har Johannes Holmen Dahl tidlegare gjort Antigone og Den knuste krukka.

Lytt til podkast

Velkommen til innsikt

Finn ut meir