Terningkast seks

«Jeg gir dette 7 og stående applaus»

Terningkast seks

«Ein genistrek... Douze points»

Terningkast seks

«en musikalsk, satirisk og politisk genistrek som har både kunstnerisk og folkelig appell»

Powerdress eller paljettar? I Europavisjonar møtest politikk og Eurovision Song Contest.

Dei lova ein Eurovision-finale på Hovudscenen kvar kveld – og for ein finale dei har laga! Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor har skapt ei vill, leiken og skarp musikktevling mellom Europas statsleiarar frå murens fall og fram til i dag. Tony Blair, Boris Jeltsin, NATO, EU, Recep Tayyip Erdoğan, Marine Le Pen og mange fleire gir deg sine visjonar pakka inn i raffe rytmar, funklande paljettar og deilige dansenummer. Glasnost, 90-åras marknadsliberalisme, finanskrise, flyktningkrise, krig og fred. Alt presentert i eit energisk show, gjennom musikknummer med song, dans, triks og overdådige kostyme! I Europavisjonar er nemleg blodig alvor blanda med vindmaskiner, scenerøyk og paljettar.

Det blir show!

I ei forrykande førsteakt står spektakulære sceneshow i kø for å overtyde publikum om kven som har den beste visjonen for Europa. Høgdepunkt frå europeisk politisk og økonomisk historie knivar om førsteplassen i dette originale kappløpet om publikums gunst. For det er publikum som avgjer kva for visjon som skal vinne.
Om du er ESC-fan, politisk nerd, teaterentusiast eller berre ute etter ein litt annleis og underhaldande kveld, er Hovudscenen på Det Norske Teatret eit varmt tips i vintermørkeret.

Kva for visjon vil du stemme på? Vekst, shopping og kapitalisme? Opprusting og maktbalanse? Eller kva med EUs tunge byråkrati? Bli med og stem!

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir nytta stobelys, scenerøyk og høg lyd i framsyninga.

Heddaprisen for Beste scenografi og kostymedesign!

Terningkast seks

Europavisjonar er en triumf. Mer treffende politisk musikkteater enn dette er det vanskelig å forestille seg

En spektakulær og dypt rørende hyllest til demokratiet... Kom deg i teateret!

Europavisjonar» er en sann triumf for musikk-teateret

Dette er songane som blir framført av mellom andre Angela Merkel, Boris Johnson, Donald Trump og Jens Stoltenberg!

Kjøp billett

Vel speledato for Europa­visjonar

Finn ut meir