Om lengsel, rushtrafikk og behovet for kaffi.

I desse dagar er ein assosiativ teaterleik der vi følgjer ulike menneske gjennom ein dag i ein storby. Det heile går føre seg under den første pandemivåren i 2020. Folk lever liva sine så godt dei kan innanfor heilt nye og merkelege reglar, men med koronaen som bakteppe oppdagar menneska at det også går an å finne nye spor, skape nye mønster og følgje ukjente vegar. Med varme og humor skildrar dramatikar Ingrid Jørgensen Dragland livet, kvardagen og menneskas vesle strev. Det startar om morgonen, mellom ei mor og tenåringsjenta hennar, der kampen står om å bli liggande under dyna eller komme seg ut i verda, så spinn stykket raskt vidare til andre relasjonar og møtepunkt. I desse dagar er ei historie som går som ein stafettpinne gjennom ein by ein dag i mai. Med kjærleik til menneska har dramatikaren skapt kvardagssituasjonar som vil vere attkjennande for dei fleste av oss, anten dei handlar om lengsel, rushtrafikk, løgner eller behovet for kaffi.

Vi møter tenåringsjenta med berg- og dalbane-humør. Mora som vil vere mild, men som har tsunamiar inni seg. Mormora som er sjuk, men som ikkje vil fortelje det. Han som stressar på sykkel, men som eigentleg vil ligge på sofaen. Ho som er gift med han, men som ikkje veit om ho vil vere det lenger. Guten som berre likar lyden av fuglar, men som plutseleg høyrer verdas vakraste menneskestemme. Og mange fleire. Også katten da – som får med seg alt.

Foto: Eirik Malmo

Tilbake til Det Norske Teatret

Elisabeth Matheson er endeleg klar for sitt første regioppdrag ved Det Norske Teatret, elleve år etter at ho slutta her som skodespelar. For Elisabeth Matheson er det ekstra fint at det er kollega Ingrid Jørgensen Draglands tekst ho har med seg når ho returnerer til «heimteateret» sitt.
- Skodespelarar som skriv for teateret veit kva dei gjer, meiner ho.

- Ein kjenner ei omsorgsfull hand rundt desse karakterane. Ingrids tekst greip meg frå første lesing. Dei augneblikka når alt stoppar opp, når døden kjem nært oss, det er vel da vi elskar livet og kvarandre aller høgast. Dei stundene vi plutseleg ser oss sjølve og alt det merkelege vi strevar med og held fast i; da ler vi gjerne. Og det gjer godt å flire litt av oss sjølve.


Teksten er utvikla med støtte frå Dramatikkens hus og Kulturrådet.
Komponist Marthe Belsvik Stavrum har mottatt støtte frå Kulturrådet.

Finn ut meir