Den knuste krukka
av Heinrich von Kleist
Stridens kjerne er ei knust krukke. Men det viser seg fort at ikkje berre ei krukke er gått i knas. Ei ung jente er også merka av ugjerningar utøvd av maktpersonar. Dommaren i saka viser seg å vere den skuldige.
I den vesle landsbyen Husum blir ei sak ført for retten. Same dag er ein utanbys inspektør på plass for å kontrollere rettspraksisen i området. Dette fører til at landsbydommaren, Adam, blir tvinga til å føre ei sak der han også er gjerningsmannen. Dommaren, som kan råde over framtida til ungjenta Eva, har brukt denne makta som pressmiddel for utuktige handlingar. I løpet av rettsforhandlingane blir maktmisbruk og klåfingra dommarar gradvis avkledde, medan krukka som symbol for Evas uskuld viser seg å vere umogleg å reparere.
Johannes Holmen Dahl lykkes med å finne en balanse som får frem stykkets humor, brodd og det sørgelig gjenkjennelige for publikum i dag.