«en humoristisk og varm forestilling»

«Bogajev lykkes i å si noe om hvordan den russiske krigsmaskinens stadige kvern har skapt en evighetsfortelling uten slutt eller begynnelse. I et historisk øyeblikk hvor Vladimir Putin har kronet seg selv til Russlands nye tsar, kunne Marjas jord knapt vært mer aktuelt...»

Mellom skogen og enga ligg ein gammal, fråflytta landsby. Ikkje ei sjel. Det skrik i den rusta kjettingen til brønnen, ei holete bøtte svingar i den kalde og hole vinden. Husa stirer med tomme svarte auge. Nei forresten, i tre av hyttene brenn det framleis ei svak flamme.

Slik lyder den første scenetilvisinga i Marias jord. Handlinga i stykket går føre seg ein stad på den endelause russiske landsbygda. Handlinga er lauseleg festa i tid, det er over sytti år sida andre verdskrigen, får vi vite, men framleis er krigen ein sentral del av kvardagen til dei tre personane vi møter. Marja, Serafima og Praskovja mista mennene sine i krigen. Dei mista dei fleste andre dei kjenner óg verkar det som. Iallfall er landsbyen deira heilt tom for folk, dei einaste andre levande vesena som er igjen er kua til Serafima og hønene til Marja. Kua, som for øvrig også heiter Marja, skal vise seg å vere ein lojal og fortruleg medsamansvoren i eventyret dei tre damene legg ut på.

For Marja har nemleg fått eit slags kall. Ho har fått det føre seg at mennene ikkje er døde likevel, men tvert imot er på veg heim med toget. Og ho overtalar Praskovja og Serafima til å bli med for å møte dei på stasjonen. Kua blir óg med. Og dermed er det berre å feste sikringsbelte for verdas snodigaste roadtrip.

Samtidig russisk dramatikar

Den russiske dramatikaren Oleg Bogajev kjem frå Jekaterinburg. Han er utdanna ved Teaterakademiet i same by, ei utdanning som er kjend for å ha fostra fleire sterke nye russiske dramatikarar dei siste tiåra. Stykka til Bogajev føyer seg fint inn i tradisjonen etter mastodontar som russiske Tsjekhov og ukrainske Gogol, med ein særeigen tragikomisk undertone og fantastiske og absurde situasjonar. Men mest av alt er stykka til Bogajev gjennomsyra av djup kjærleik til Russland og menneska som bur der, samt sorg over alle dei vanskelege omveltingane og tragiske, historiske hendingane russarane har strevd, og framleis strever, med.

Regissørdebut

Med Marjas jord debuterer Charlotte Frogner som regissør ved Det Norske Teatret. Frogner har vore ein markant skodespelar ved teateret sidan debuten som Marlene Dietrich i Piaf i 2004. I sommar sette ho opp Lisbet på Jarnfjeld, Falkberget-framsyninga ved Christianus Sextus på Røros. Det er med stor spenning ho no skal få bryne seg på moderne russisk dramatikk.

Finn ut meir