«Ei både rørande, morosam og tankevekkjande reise på kryss og tvers gjennom Arne Næss' liv og funderingane hans»

«Det dypøkologiske budskapet til Arne Næss ser, tolv år etter filosofens død, ikke ut til å ha tapt seg.»

Kva var det som drog økosofen, fjellklatraren og tenkaren Arne Næss til fjella, og kva hadde han å lære høgt der oppe ovanfor tregrensa?

Den norske filosofen Arne Næss levde mellom 1912 og 2009. Han sette eit djupt preg på internasjonal filosofi, norsk samtidshistorie, fjellklatring, fredsrørsla, universitetsverda og miljøaktivismen. Livet til Arne blei forma av fjellverda og dei harde forholda som rår i den. Kva var det som drog han til fjella og kva hadde han å lære høgt der oppe ovanfor tregrensa?

Naturen og tenkinga

For å løyse økokrisa trengst ei endring i korleis vi forstår oss sjølve og forholdet vårt til naturen og livet. Fjellet er ein plass der dyr og vekstar kjempar for å overleve under polarliknande forhold og der vinterstormane truar med å slite laus taket frå veggane på hytta. Men det er også ein plass full av drabbande venleik som kan sette oss sjølve og vår plass i tilværet i perspektiv.

Dramatikkens hus har støtta Uhlbors i utviklinga av denne teksten.

Finn ut meir