Ein heilt ny sceneversjon av Disney-musikalen Frost er på veg til dei nordiske landa.

Frostroser, kulde og snøkrystallar vil dominere Hovudscenen når Det Norske Teatret får premiere på Disney-musikalen Frost i ein non-replika-versjon av Broadway- og West End-suksessen.

Musikalen er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret Snedronningen frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstrer: Elsa som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna som legg ut på ei reise for å redde henne.

Eventyret hentar inspirasjon frå geografiske, mytologiske og kulturelle tradisjonar i den nordiske kulturfellesskapen.

Showpakker (hotell + billett)

- Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor
tillitserklæring frå Disney. Og ei ære!  

Regissør Gísli Örn Garðarsson

Framsyninga er eit samarbeid med Vesturport Teater i Reykjavik og regissør er Gísli Örn Garðarsson. Etter premieren skal Garðarsson sette opp Frost ved andre store teater i Norden; Nasjonalteatret på Island, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater. I Danmark blir samarbeidsteatret annonsert noko seinare.

Musikken er av dei Oscar-vinnande låtskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez og manus av manusforfattaren Jennifer Lee. Frå scenen får du høyre «La det gå» og «Skal vi lage snømann» saman med eit gjennomkomponert verk som inkluderer 12 nye songar frå dei opphavelege songskrivarane.

Familieframsyning. Tilrådd frå 5 år.

Kjøp billett

Vel speledato for Frost

Finn ut meir