«Knusktørre bedriftsfakta fra Kongsberg Gruppen blir forvandlet til ellevill underholdning på Det Norske Teatret.»

«en konferanse jeg sent vil glemme!»

«Tenk slapstick møter gummikylling møter revy, og du nærmer deg faktisk ko-ko-universet som regissør Simen Formo Hay med venner har tråklet sammen på bare tre ukers prøvetid.»

Dette er ein crazy-komedie laga av gjengen bak Europavisjonar, om eit av dei store paradoksa i fredsnasjonen Noreg. Her blir det revysongar, slapstick og rakettmissil. I tillegg til eksplosiv og treffsikker humor!

Medan krigane rasar ute i verda, har det vore eit ganske ellevilt år i våpenbransjen. Det har vore eit fantastisk år er ein komedie om våpen, intrigar og kjærleik. Om kva vi tener pengar på, kva vi skammar oss over, kva vi er stolte av – og ikkje minst om det herlege, yrande livet på ein arbeidsplass der verdas uro lurer i bakgrunnen.

Laga i rakettfart

Utgangspunktet for denne fiksjonen er den faktiske årsrapporten til Kongsberg Gruppen, som blei lagt fram 26. mars i år. Same dag bretta regissørarane ermene opp. Dei ville sjå om det var mogleg å lage ei framsyning på kortare tid enn vanleg. I samarbeid med ei leiken gjeng frå ensemblet har dei utvikla ei framsyning utanom det vanlege på berre tre veker. Det er blitt ei framsyning som er både leiken og skyt frå hofta. Publikum kan forvente sprø idear, elleville innfall, ufiltrert humor og rølpete stemning blanda med tørre bedriftsfakta. Stikkordet for framsyninga er skyhøge ambisjonar og låge skuldrer.

Velkommen til årsmøte!

Du er med dette invitert på årsmøte i Kongsberg Gruppen, der rapporten skal bli lagt fram. Vi får mellom anna møte konsernsjefen, møteplagaren, den nye SOME-ansvarlege (som skal snakke om våpen på ungdommens språk) og direktør for konsernkommunikasjon, som vil legge fram det nye slagordet. Deretter blir alle med på sommarfesten, og det heile byrjar å skli litt ut...


PASSAR FRÅ
15 år.

ANDRE MEDVERKANDE I tillegg til dei som er på lista opp i skodespelaroversynet, vil også Oda Radoor, Simen Formo Hay, Herman Enkerud, Erkki One og Hilde Nyeggen Martinsen vere med på scenen.

Produktene våre kan ha utilsiktede negative konsekvenser for samfunn og sivile.

Program

Vi ønskjer velkommen til konferanse! Første punkt på dagsorden er gjennomgang av årsmeldinga. Etter dette blir det moglegheit for forfriskingar og årets høgdepunkt – sommarfesten!

Aktuell samfunnssatire

Med Europavisjonar laga Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud teater som ein umiddelbar respons på hendingar i samtida. No tar dei dette eit steg vidare i Det har vore eit fantastisk år: Framsyninga er laga på kort tid i samarbeid med ensemblet, og er eit forsøk på å ta tak i dei mest brennbare temaa i 2026.

Kjøp billett

Vel speledato for Det har vore eit fantastisk år

  • Ledige billettar
  • Få billettar
  • Utseld
    Kjøp billett
  • Utseld
    Kjøp billett
  • Få billettar

Finn ut meir