En komisk forundringspakke

Hvis man vil se noe klin kokos gøy for å lade opp til årets julefeiring, kan «Faens nisse» anbefales

morsom, annerledes og stimulerende opplevelse

Klassekampen

Den som kjenner kjærleiken, treng ikkje google verdiar.

Ein julenisse heng på krossen i ein juledekorasjon, og Gud har fått nok. Kvifor ikkje trekke seg frå heile greia og satse meir på påska? – Det er jo bursdagen min!, svarar Jesus, og bestemmer seg for å vinne tilbake jula.

Bangstad - ein stad med dødskvalitet

Vi skal til den vesle bygda Bangstad. Nok eit lite lokalsamfunn har blitt råka av ei eldrebølge som har vatna ut budsjetta. Ei bygd der folk er opptatt med sitt, hastar av stad for å få kjøpt dei siste julegåvene og sikre seg juleribba. Her er jula 80 prosent nisse og berre 20 prosent kristendom. For hundre år sidan var det omvendt. Det er her slaget om jula skal stå. Jesus aktar å ta tilbake minst 50 prosent av marknadsandelen av julefeiringa, og bevise for far sin at den kristne og nestekjærlege bodskapen kan vinne over nissetullet og marknadskreftene.

Sniknissifisering og kristen kulturarv

Jesus gir Ragnar, ein mann midt i livet, eit kall om å bli ordførar. I lag med den nye presten, Ingrid, skal han samle bygda på nytt, og løfte fram «det som djupast sett er oss». I sentrum av bygda gjenreiser dei ein stor kross i gull. Og presten planlegg å framføre juleevangeliet på torget for å få K’en tilbake i jula.
- Over år har jula blitt sniknissifisert og nissane er no i ferd med å kvele den kristne kulturarven. Snart ser vi ikkje krossen bak alt nissesøppelet.

Finn ut meir