«en konstnärligt genomförd och i detaljarbetet slående stark föreställning»

Terningkast fem

«fortjener stående applaus»

«Bror gjør et sterkt og hjerteskjærende inntrykk»

Ein vaksen mann opplever at livet hans bryt saman, men maktar ikkje å be familien sin om hjelp. BROR (livet #3) undersøkjer korleis det kan vere å ha eit søsken som alltid må få komme først.

Øyvind og den ti år gamle sonen hans går mot hamna. Dei har tenkt å ta ein kikk på ferjene og fiskebåtane, men så stoppar dei utanfor ein kiosk for der kan ein få seg ei grillpølse til fem og tjue kroner, og det er jo bra. Det som er mindre bra er at snart skal dei få vite at dei ikkje har nokon stad å bu lenger. Søstera til mannen, som har ei funksjonsnedsetjing, har samtidig bestemt seg for å flytte heim til mora, så leilegheita hennar står no tom. Betyr det at alt likevel kan løyse seg - for alle?

Produksjonen er del av pentalogien livet #1 - 5. Han har parallellar til OMSORG, men er ei sjølvstendig framsyning som ikkje krev at du kjenner til resten av framsyningane.

Goksøyr&Martens

Goksøyr&Martens har gjennom to tiår markert seg som viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet. Scenekunstduoen blei etablert i 1997 av Toril Goksøyr og Camilla Martens. Dei nyttar dokumentariske strategiar i arbeidet sitt, autentiske element som knyter kunsten til røyndomen. Dei har tidlegare vist framsyningane 11 ÅR, DOTTERA og ved Det Norske Teatret. 11 ÅR blei nominert til Heddaprisen for Årets framsyning i 2017. DOTTERA blei nominert til den nasjonale Ibsenprisen for beste manus i 2019.

FAMILIEN Oddgeir Thune, Julie Moe Sandø, Agnes Kittelsen, Marianne Krogh, Maren Johanne Olufsen, Thea Lambrechts Vaulen, Casper Falck-Løvås, Aya Aramis Sørbø, Kajsa Fanni Martens, Wilmer Moe Sandø
HELSEPERSONELL Judy Nyambura Karanja, Hilde Olausson, Ingeborg Sundrehagen Raustøl, Kadir Talabani
BEBUARAR Fred Borg, Lise Eger, Thorolv Stangnes, Bjørn Roger Hermansen, Haakon Aars, Ingeborg Marie Brekke, Christine Mungai

Støtta av Norsk Kulturråd, Oslo Kommune, Fritt Ord, Fond for Lyd og bilde, Dramatikkens Hus.
Uttrykksfoto av Kim Hiorthøy.

Finn ut meir