Mørkt og humoristisk om å stå ansikt til ansikt med døden.

«Det er slutt. Nesten slutt.»

Fire menneske er fanga i ei slags evigvarande endetid. Den blinde Hamm, som ikkje kan stå, og tenaren Clov, som ikkje kan sitte. I to søppelkassar bruker foreldra til Hamm, Nell og Nagg, si siste tid.

Hamm har valt isolasjonen, er sjølvopptatt, lidande og pessimistisk. Clov lengtar etter noko anna, men har ingenting å forfølge. Gjennom to små vindauge kan han rapportere om verda utanfor. Det er ikkje teikn til liv. Han vil forlate den dominerande herren sin, men kor skal han dra i ei verd som verkar tom og innhaldslaus?

Finn ut meir