Ein psykologisk thriller basert på ei sann historie.

Roberto Zucco er ein vakker, intelligent mann. Men også ein mordar som drep, tilsynelatande utan motiv og kvalar. Ein ung mann som vil bort, som vil straffe og som sjølv er eit symbol på ei verd utan verdiar og håp. Som vil mot sola, trass helvete.

Skodespelet er inspirert av den sanne historia om den italienske seriemordaren Roberto Succo som gjennomførte fleire bestialske drap i Italia og Frankrike i slutten av 1980-åra. I Bernard-Marie Koltès' skodespel blir Zucco til ein mytisk figur, eit vrengjebilete av samfunnet. Teksten stiller mellom anna spørsmål om kor vondskapen kjem frå og korleis han ser ut.

Bernard-Marie Koltès

Den franske dramatikaren Bernard-Marie Koltès døydde i 1989, berre 41 år gammal. Eit gjennomgangstema i Koltès' dramatikk er menneskeleg råskap, og kva menneske er i stand til å gjere mot kvarandre. Han undersøker valden i oss alle som ligg rett under overflata. Det siste stykket han skreiv var Roberto Zucco, som fekk uroppføring i Berlin året etter han døde. Noregspremiere var på Det Norske Teatret i 1992.

Denne gongen er det den kroatiske regissøren Ivica Buljan som har regien. Han er ein av dei fremste kjennarane av Koltès' dramatikk, og har over ti gonger tidlegare iscenesett skodespel av han. På Det Norske Teatret har Buljan tidlegare hatt regi på det kroatiske nasjonaleposet Den siste kongsfesten av Miroslaw Krleža og Jens Bjørneboes Bestialitetens historie. Denne gongen er det ‘true crime' frå nær fortid som står på programmet. Vil Buljan avmytologisere den mytiske mordaren?

Kjøp billett

Vel speledato for Roberto Zucco

Finn ut meir