
Morten Svartveit
(f. 1978) frå Voss er utdanna frå Det russiske akademiet for teaterkunst (GITIS) (2004-2008), og er fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret sidan 2019.
Han er ein skodespelar med vidt spenn, og har hatt roller innan både barneteater, seriøse drama, musikkteater og musikalar. Etter enda utdanning debuterte han som profesjonell skodespelar i Tolvskillingsoperaen (2008), og var deretter ved ulike andre scener, som Kilden Teater- og konserthus, Oslo Nye Teater, Brageteatret og Hålogaland Teater. Han kom tilbake til Det Norske Teatret i 2013, som del av ensemblet i langteaterprosjektet Bibelen. Etter dette har han mellom anna hatt større roller i musikkteaterframsyningane Woyzeck (2014), Vikla inn i blått (2020) og Bienes historie (2020), i musikalane Spelemann på taket (2014), Sweeney Todd (2015) og Tenk om (2016). Han spelte prinsen i Kvitebjørn kong Valemon og esel i Okse og esel (2013). Han har også spelt Helikon i Caligula (2024), Clov i Sluttspel (2023), George i Om mus og menn (2021) og var med i Ruth Lillegravens Sigd (2019) og Lars Noréns Som lauvet i Vallumbrosa (2017).
Morten Svartveit blei kjend for eit større publikum som karakteren Espen Eide gjennom NRK-serien Heimebane (2018-2019). Han har også mellom anna spelt rolla som Anders Knudsen i Viaplay-serien Okkupert (2015-2017, TV2-serien Grenseland (2017), Steinar i julekalenderserien Stjernestøv (2020) på NRK, Leif i NRK-serien Gutta på skauen (2022) og Charlie i Viaplay-serien Pørni (2021-2022). Innan film har han hatt roller i mellom anna Rosemari (2016), Når jeg faller (2018), Flukten over grensen (2020), Gulltransporten (2022) og Victoria må dø (2024).
Aktuell hausten 2024 i Jazz på nynorsk og Juleroser.
Aktuell med

Europavisjonar
Tidlegare framsyningar
2024 | Juleroser | |
2024 | Caligula | Helikon |
2023 | Sluttspel | Clov |
2022 | Inn frå regnet | Lars |
2022 | Bror | Skodespelar lydinnspilling |
2021 | Om mus og menn | George |
2020 | Bienes historie | William mfl. |
2020 | Lear | Edmund, uekte son av Gloucester |
2020 | Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk | |
2019 | Leve hemmeleg | |
2019 | Sigd | |
2018 | Kafka på stranda | Kafka |
2016 | Som lauvet i Vallombrosa | Samuel |
2016 | Inkognito | Henry Maison |
2016 | Festning europa | |
2015 | Brand | Einar |
Den kvite pesten | Dokter Galén |