Da Lars Norén døydde i 2021 låg det tre skodespel igjen på skrivebordet hans. Kommunion er eitt av dei og det einaste som så langt er oppført.

Urpremieren fann stad på Göteborg Stadsteater i september, og berre fire månader seinare kjem noregspremieren. I stykket utforskar Norén den menneskelege fellesskapen og som det gjerne er hos Norén; det er brutalt, ærleg og med bitande humor.

Ei gruppe menneske er samla i eit rom utan avgrensingar. Dei snakkar med kvarandre og om kvarandre. Praten går om dyre klesplagg, om kva som hamnar i handlevogna på matbutikken, om planting i hagen. Daglegdagse tema, der nokon kjem til, andre forsvinn ut av samtalen. Men orda skifter fort mellom humor og alvor, komikk og smerte. Som Aftonbladets meldar skriv:

Noréns konstnärskap knyts på många vis ihop, med betoning på hur verkligt rolig han kan vara samtidigt som han låter oss stirra rätt ner i existensens avgrund.

Introduksjon før framsyninga

Lars Norén og Det Norske Teatret

Lars Norén (1944-2021) skreiv ikkje for å glede publikummet sitt, men for å vekke dei gjennom ubehag.

Les meir

Fekk bakoversveis av Norén

Da Lars Norén døydde i januar 2021 låg det tre teaterstykke på skrivepulten hans. det første, Kommunion, hadde urpremiere på Göteborgs Stadsteater i fjor haust. No kjem Noregspremieren, og Anders T. Andersen skal stå for regien.

Les meir

Kjøp billett

Vel speledato for Komm­union

Finn ut meir