«Skuespillerne på Det Norske Teatret leverer flere sterke enkeltprestasjoner i Juleoratoriet»

«Egentlig synes jeg oppsetningen er bedre enn romanen»

«Det er tydelig at vi har med et stjernelag av skuespillere å gjøre»

Göran Tunströms store roman frå 1983 er ei familiesoge som spring ut frå Sunne i Värmland og som spenner over tre generasjonar og to verdsdelar – med forholdet mellom far og søner som omdreiingspunkt.

I Juleoratoriet møter vi Aron Nordensson som mistar den høgt elska kona si og seinare seg sjølv. Solveig Nordensson hadde ein draum om å oppføre Bachs Juleoratorium i kyrkja i den vesle byen Sunne. Det skal gå tre generasjonar før denne draumen blir verkeleg. Aron, ektemannen, søker tilflukt i stilla. Sonen Sidner leitar etter kjærleik og samhald etter moras død, og må reise til den andre sida av jorda for å finne det. Først barnebarnet Victor blir i stand til å realisere bestemoras visjon om å oppføre det monumentale verket.

Ei tid som ikkje lenger er

Juleoratoriet er ei forteljing om korleis hendingar kan forme menneske gjennom generasjonar, og korleis alle liva våre på sett og vis er fletta saman. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store verk.

Stor forteljing

Juleroatoriet kom ut i 1983 og er blir sett på som eit av Göran Tunströms viktigaste verk. Den fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984 og blei filmatisert i 1996. På Det Norske Teatrets største scene får romanverket musikalsk følge av jazzlåtar, svenske folkeviser - og Bachs Juleoratorium, akkompagnert av jazzpianist Jørn Øien.

Handlinga i Juleoratoriet

Treng du ei oppfrisking av handlinga i Juleoratoriet? OBS! Røype-alarm!

Les meir

4. desember kl. 18.00:

Symfonisk og leikent

Oddgeir Thune har eit fjes mange trekkjer kjensel på. Er han ikkje… kjærasten til Pørni? Ektemannen i Elskling? Typen til laksearvingen i Milliardærøya?

Les meir

Gjekk inn på scenen i feil karakter

Bli betre kjend med Morten Svartveit, som spelar Aron. Kva skjedde eigentleg da han gjekk inn på scenen i feil karakter?

Les meir

Svolten?

Velkommen til restauranten vår!

Les meir

All musikk i framsyninga av Jørn Øien unnateke:

Visa från Rättvik, trad., melodi
If I should lose you, tekst Leo Robin, melodi Ralph Rainger
Fascinating Rythm, tekst Ira Gerschwin, melodi George Gerschwin
Ack Värmeland, du sköna (Värmlandsvisan) tekst Anders Fryxell og Fredrik August Dahlgren, trad. melodi.
Utdrag frå Juleoratoriet av J. S. Bach

Kjøp billett

Vel speledato for Juleoratoriet

Finn ut meir