Terningkast fem

lysende teater i vintermørket

Det store i det lille

ein slags nøkkel til å kunne forstå korleis vanlege folk levde på 1800-talet

Klassekampen

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han treffer Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framfor Endre ligg ei framtid lik den far hans og fedrane før han har hatt.

Men så blir han sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er Endre utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

Sigd er ei forteljing om eit enkelt, men samstundes storslått liv. Om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone. Eit par som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for å kunne snakke saman.

Det er dette du må gjere,
dette du må vere,
berre slik kan berg og båre og fjell og fjøre
framleis vere vårt,
framleis vere eg og du.

Finn ut meir