Millionar av menneske i verda er på flukt. Kva kan vi gjere med det?
65 millionar menneske er på flukt i verda i dag. Kvart andre sekund legg eit nytt menneske ut på ei farefull ferd frå krig og naud. I Middelhavet har over 32 000 flyktningar mista livet sidan 2000. Kven har ansvaret? Kven har skylda? Og kva kan vi gjere?
I FestningEuropa blir lagnaden til ein båtflyktning og ein norsk familie bundne saman. Familien reiser på ferie. Samstundes set ein ung mann seg i ein flåte ein annan stad. Familien flyr sørover. Mannen flyt nordover. Begge skal til den same ferieøya. Han flyktar frå krig i Afrika og drøymer om Europa. Familien flyr frå Noreg og drøymer om ferie.
FestningEuropa ønskjer å reflektere over dilemma Vesten er stilt overfor i desse dagar, og koplar dei saman i ein kjenslelada augneblink.