Den kvite pesten frå 1937 viser korleis demokratiske og menneskelege verdiar kjem i spel under ein pandemi, og kjennest skremmande aktuell. Derfor har teksten blitt tatt fram i lyset for ei stunt-aktig vising som berre blir vist ved direktestrøyming.

Ei fallen europeisk stormakt rustar seg igjen for krig. No skal æra bli gjenreist og nasjonen skal bli større og mektigare enn nokon gong. Det er berre eit lite skjær i sjøen: Ein pest herjar der ute, og panikken breier seg. Den kvite pesten smittar ved berøring og nærkontakt, og kjem truleg frå Kina. Dei som er råka får ein kvit flekk på kroppen, og deretter ventar ein langsam og pinefull død.

I pandemiåret 2021 kom husregissør Peer Perez Øian over manuset på nytt, og han og dramaturg Anders Hasmo blei overraska over fellestrekka med det som hender i dag i Europa og den vestlege verda. Det er antidemokratiske strøymingar, diktatoriske tendensar hos fleire leiarar, politisk uro og demokratiske verdiar blir sett til side. Pressa og vitskapen blir gjort til ideologiske slagmarker.

Teaterstunt

Gjennom åtte dagar skal regissør og dramaturg utforske materialet saman med åtte skodespelarar, med manus i handa. Dette er altså ikkje ei ferdig teaterframsyning med åtte vekers prøvetid, men ein upolert og spontan gjennomgang av ein tekst som var for god til å la ligge under dei rådande tilhøva. Her blir publikum inviterte inn i eit tidlegare stadium i den kreative prosessen. Det blir ei intuitiv og direkte undersøking av eit materiale frå teaterarkivet som har fått fornya samtidig relevans.

Her kan du sjå nokre bilete 
frå framsyninga som hadde Noregs­premiere på Det Norske Teatret i 1937.

Finn ut meir