Bienes historie
etter Maja Lundes roman. Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen, songtekstar av Ola E. Bø og med musikk av Nils Bech.

Den nyskrivne musikalen Bienes historie er basert på romanen til forfattar Maja Lunde. Boka fekk strålande kritikkar da ho kom ut i 2015, og var eit vakkert varsku om konsekvensane av livsførselen vår. I naturen heng alt saman. Døyr biene, blir ikkje livsviktige planter pollinerte, og vi har ikkje noko å leve av.
Gjennom tre parallelle historier frå fortid, samtid og framtid skildrar Bienes historie menneskas første spede forsøk på å halde bier, via dagens industrielle landbruk og til ei framtid der biene er daude. I botnen ligg ei forteljing om relasjonar mellom foreldre og barn, og om kor sårbare menneska er.
Showpakker (hotell + billett)
