Leve hemmeleg er ein mosaikk av ulike forteljingar og songar. Kvar del står for seg, men saman utgjer dei eit større bilde.

Det handlar om eit barn som er blitt forlaten av faren. Om ei kvinne som har forlate ektemannen, men som angrar på valet ho tok. Det handlar om eit eldre ektepar som snakkar om livet dei har levd og kva dei har framføre seg. Om ei jente som vil bli sett, samstundes som ho vil leve hemmeleg. Men mest av alt handlar det om tilknyting. Kva er kjærleiken, og viss ikkje vi har kjærleiken, kva handlar livet om da?

Ulike tekstar

Trine Wiggen har regien på Leve hemmeleg som er stykke henta frå ein serie Jon Fosse har kalla Kortare stykke, publisert i Teaterstykke VOL 5. Nokre har vore framførte tidlegare, andre har aldri vore spelt. Her er også songar, tekstar og dikt frå andre utgjevingar.
- Eg synest det er noko fritt i desse tekstane som gjer at eg les dei andre stykka annleis. Det er ikkje nokon indre samanheng og dei femner vidt tematisk, seier Trine Wiggen. – Det dreier seg mykje om det indre livet kvar og ein har, som er utilgjengeleg for andre. Det interesserer meg.

Regissør trine wiggen

Regissør Trine Wiggen sette opp Fosses Draum om hausten på Hovudscenen på Det Norske Teatret hausten 2016. Ho spelte tittelrolla i Fedra i Jon Fosses gjendikting i svenske Riks Dramas versjon frå 2006. Ho har dramatisert og sett opp romanen Stengd gitar under tittelen Liv, som også blei produsert i Radioteatret, NRK og DR, Danmarks Radio. I 1995 spela ho den kvinnelege hovudrolla i uroppføringa av Namnet på Den Nationale Scene i Bergen.