Terningkast fem

«Det lover ikke godt for menneskeheten at det fremdeles føles aktuelt ut. Men det er en trøst at det er gnistrende godt spilt»

«Der dagens nyhetsbilde kan numme oss ut, evner "Caligula" å by på en rystende teateropplevelse»

 «Karl-Vidar Lende er gnistrende god, gnistrende forrykt i en av årets store rolleprestasjoner»

Ei brutal forteljing om ein galen tyranns jakt etter meininga med livet.

Den unge Caligula er den nye og populære keisaren i Romarriket. Han har brei folkeleg appell, men blant senatorane murrar det. Privilegia og maktposisjonane deira er truga.
- Og er det ikkje usømmeleg at Caligula har teke sin eiga søster, Drusilla som elskarinne? Så lenge han er så populær er det lite å gjere med det.

Men når Drusilla brått døyr, går den til da gode herskaren frå konsepta. Han innser den uuthaldelege meiningsløysa i tilværet. Ingenting varar evig, ingenting betyr noko. Menneska lever for å døy, og dei døyr ulykkelege. Den stadig galnare keisar Caligula blir manisk oppteken av å oppnå det umoglege. Berre slik kan han vinne over naturen og kanskje skape meining. Men først vil han demonstrere for alle rundt han at verda er meiningslaus og amoralsk, og fridom berre mogleg om ein aksepterer dette. Han trur han sjølv er guddommeleg, og blir besett av å bli fri, av å bruke den absolutte makta si til å demonstrere denne fridomen, koste kva det koste vil. Og på vegen dit blir han stadig meir radikalisert av at ingen yter meiningsfylt motstand. For seint innser han at den vegen han har valt ikkje er den rette. Stien er strødd med lik, men kvifor har ingen stoppa han? Og finst det noka meining i eit siste offer, å la seg myrde?

«Sønderknusende sterk oppsetning»

Det absurde livet

Den franske absurdisten Albert Camus stykke Caligula blei påbegynt i 1938 og kom ut etter andre verdskrigen, i 1944. Det kan utan tvil lesast i lys av dei despotiske og brutale regima som herska i samtida. I dag ser vi igjen at trua på demokratia forvitrar, politikarforakta aukar, og sterke leiarar utøver makt og går til brutale krigar. Korleis skal vi få trua tilbake på demokratiet i ei verd der leiarane ikkje fortener tilliten vår? undrar regissør Peer Perez.

Stormannsgalen keisar

Historia om Caligula er basert på den verkelege keisaren Gaius Julius Caesar Germanicus (f. år 12), som voks opp mellom soldatar på ulike militærforlegningar i det gamle Romerriket. Kallenamnet Caligula fekk han av soldatane, som likte å kle den vesle guten i soldatklede, og det tyder (soldat)støvel, eller sandal, som var det soldatane nytta på den tida. Han kom til makta etter å ha drepe nevøen sin Tiberius. Dei første åra av regjeringstida si skal han ha vore godt likt og styrte med stødig hand. Men utover i regjeringsperioden utførte han handlingar som både blei sett på som latterlege og skrekkelege. Han blei brutal, uføreseieleg og stormannsgalen. Eit av rykta om han er at han ville utnemne hesten sin til konsul. Han blei til slutt myrda av sin eigen livgarde, berre 28 år gamal.

«Det er eit drama på liv og død, med ein sluttmonolog frå Caligula som verkeleg slit og riv i ein»

Dag og Tid

Lese alle artiklane samla?

«Det er for tidlig å si om Caligula blir stående som årets beste forestilling, men at det er en av årets viktigste forestillinger er det ingen tvil om»

Kjøp billett

Vel speledato for Caligula

Finn ut meir