Terningkast seks

«En Dylan-konsert for historiebøkene»

Terningkast fem

«dirrende intenst»

Bob Dylan er musikaren og poeten som kanskje meir enn nokon andre har påverka rockemusikken.

Til denne teaterkonserten har Det Norske Teatrets nye husregissør, Eirik Stubø, fått med seg jazzbandet til broren, Håvard Stubø, for å finne nye sider ved ein av vår tids største poetar. Artist og Dylan-entusiast Tom Roger Aadland har omsett songar som aldri har vore framførte på norsk tidlegare. Det blir både ikoniske hits og mindre kjende songar henta frå nesten heile Dylans karriere; frå andrealbumet The Freewhelin´ Bob Dylan (1963) til den siste utgjevinga hans, Rough and Rowdy Ways (2020).

På scenen står eit songsterkt skodespelarlag klar til å levere sine tolkingar av songane til ein av musikkens og litteraturens meir mangesidige kunstnarar.

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

Førebu deg til framsyninga ved å lytte til dei kjente låtane til Bob Dylan!

Showpakker (hotell + billett)

Finn ut meir