Kanskje er liva våre meir gåtefulle enn vi trur?

Haruki Murakamis verd er ei verd der draumar og verkelegheit flyt over i kvarandre, der spøkelse finst og menneske kan snakke med kattar.

Haruki Murakami har med sin særeigne stil slått gjennom som Japans mest kjente forfattar her i vesten. Han har eit frodig, humoristisk og rikt språk. Bøkene hans blir ofte omtalte som surrealistiske, mystiske og rare. Han er ikkje redd for å ta i bruk overnaturlege fenomen og romanen Kafka på stranda kom ut på norsk til strålande kritikkar i 2005. Det Norske Teatret er no klar med ei dramatisering av romanen, som for første gong blei sett opp på Steppenwolf Theatre i Chicago i 2008.