Terningkast fem

«Svært godt skrevet, svært godt spilt.»

Frode Gryttens siste drama om ein flaum av vatn som set i gang eit ras av familiære oppgjer.

Det er desember. Bygda skulle ha vore pynta til advent, men er i staden øydelagd av flaum. Heile hus har sigla vekk frå grunnmurane, liv har gått tapt.

Svendsenhuset er òg øydelagt. Rett nok står det framleis på same stad, men kjellaren er full av vatn og første etasje er totalskadd. Men lokalpolitikar og fagrørslemann Olav Svendsen nektar å la seg evakuere – til familiens store irritasjon. Kona Ruth og dei tre sønene vekslar mellom å true og å lokke, men Olav gir seg ikkje, han har ikkje tenkt å rikke seg av flekken. Klokka sju er statsministeren venta til bygda, ho skal besøke flaumoffera for å vise sympati og medkjensle, og Olav har meldt seg frivillig. No skal han endeleg få rope ut til heile landet kor elendig denne regjeringa er. For Olav Svendsen handlar det nemleg ikkje berre om nedskjeringar i det nasjonale sikringsarbeidet, men om demonteringa av sjølve samfunnet.

Alt fløymer over

Ute er fjella, fjorden, vinden og ikkje minst regnet, som framleis piskar mot vindauga og aldri ser ut til å stilne. Inne er det kaos. For med flaumen stig både politiske og familiære usemjer opp til overflata, og gjennom Frode Gryttens mørke humor, absurde situasjonskomikk og skarpe observasjonsevne blir vi vitne til eit eksistensielt kvardagsdrama i eit flaumutsett område i utkant-Noreg.

Finn ut meir