Om mus og menn
av John Steinbeck
Om mus og menn er ei forteljing om Lennie og George, to menn blant mange som i depresjonstidas USA reiser rundt for å finne arbeid.
Tidene er harde, arbeidet er tungt og framtidsutsiktene er mørke. Men i motsetnad til dei fleste i deira situasjon reiser Lennie og George saman og passar på kvarandre. Det einaste dei drøymer om er å eige eit småbruk der dei kan leve av eiga avling. Den sterke og eigentleg harmlause Lennie hamnar stadig i trøbbel og George forsøker å beskytte han i ei verd det er vanskeleg å navigere i.
Moderne klassikar
John Steinbeck fekk sitt litterære gjennombrot med kortromanen Om mus og menn og dramatiserte sjølv teksten for scenen rett etter utgjevinga i 1937. Husregissør Eirik Stubø opnar Hovudscenen på nyåret med denne moderne klassikaren. Vi møter menneske som lever under kummerlege kår i eit miljø der det er liten plass for kjensler. Kampen for å overleve er langt viktigare.
«Om mus og menn utfordrer våre tanker om hva barmhjertighet er. Det har blitt en stor teateropplevelse i Eirik Stubøs regi.»
Lyst til å lese program digitalt?
