Kirsti Refseth
Kirsti Refseth er utdanna ved Statens Teaterhøgskole (1995-1998), og har vore fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret sidan 2023.
Ho debuterte som skodespelar ved Rogaland Teater i 1998 som Irina i Tre søstre og kom til Det Norske Teatret i 2000 i Lars Noréns oppsetjing av sitt eige stykke November. Refseth har sidan arbeidd ved fleire teater i Noreg og Sverige, mellom anna Kulturhuset Stadsteatern og Dramaten i Stockholm.
Ved Det Norske Teatret har ho mellom anna spelt Nina i Måsen (2001), Kassandra i Orestien (2003), Grusche i Den kaukasiske kritringen (2004), Indras dotter i Eit draumspel (2004), Lavinia i Sorga kler Elektra (2012) og Hermione i Andromake (2009), som ho fekk Heddaprisen for.
Dei seinare åra har ho m.a. hatt rolla som Laura i Faderen (2022), Sibylle i Eks (2023), Berte i Hedda Gabler (2024) og Åsa i Arv og miljø (2025), i tillegg til at ho framførte monologframsyninga Forbrytar og straff (2025).
Ho mottok fleire internasjonale internasjonale filmprisar for hovudrolla filmen i Opium - Diary of a Mad Woman, m.a. prisen for beste kvinnelege skodespelar ved filmfestivalen i Moskva (MIFF) i 2007.
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
| 2026 | Juleoratoriet | Fanny Udde, mor til Victor |
| 2026 | Gjenferdet inn | Mariam |
| 2025 | Forbrytar og straff | |
| 2025 | Arv og miljø | Åsa |
| 2024 | Roberto Zucco | Søster til Jenta / Hore / Kvinne i parken |
| 2024 | Hedda Gabler | Berte |
| 2024 | Ellen Babić | Astrid |
| 2023 | Romeo og Julie | Amma |
| 2023 | I svarte skogen inne | Den unge kvinna |
| 2023 | Hans og Grete | Merete |
| 2022 | Inn frå regnet | Mona |
| 2022 | Eks | Sibylle |
| 2022 | Faderen | Laura |
| 2022 | Eadnemáddu | |
| 2021 | Gå | |
| 2021 | Om mus og menn | Kona til Curley |
| 2016 | Sorga kler elektra | Lavinia |